fbpx

Å vera eit godt eksempel!

Anten du trur det eller ikkje, er du ofte eit eksempel for andre. Ingen er for små eller for store til det.
Du legg berre ikkje så lett merke til det. Men om du tenkjer deg om, kan det hende at du hugsar korleis du sjølv etterlikna nokon du likte. Er det ikkje grunn til å sjå opp til skiskyttarkongen og fråhaldsmannen Ole Einar Bjørndalen? Gjera som han og leva eit rusfritt liv, og gjennom det vera eit godt eksempel overfor andre?

Rus er eit litt rart ord. Bakvendt vert det "sur".
Tenk på det! Er det ikkje betre å vera totalist utan å vera totaltrist? Det er vanskeleg å seie kort kva rus er. Du finn det lettare ut når du veit kva rusen vert brukt til og kva skader den gjer mot deg sjølv og andre.

Mange søkjer rus av alkohol for å gløyme problem ein har eller dumme ting ein har gjort. Andre søkjer rus nettopp for å kunne tillate seg å gjera dumme ting eller anna som ein ikkje vågar ellers. Det er så mange dårlege eksempel rundt omkring! Nokre kjem borti rus av alkohol fordi dei er forvitne og vil vite korleis det er.

Avhengig av å ruse seg og jakta etter å skaffe seg stoff som gjev rus fører altfor mange menneske ut i eit lite menneskeverdig liv.

Kva med å vera lukkeleg og glad utan kunstig stimuli og gjennom det vera eit godt eksempel overfor andre?
spør Buskerud distrikt av DNT samla til haustmøte i Ål kulturhus laurdag 22. september.

No Comments Yet

Leave a Reply