fbpx

Vellukka møte om Lokal alkoholpolitikk

Fagmannen Arne Klyve frå Stiftelsen Bergensklinikkene fekk så ordet. I det vel formulerte foredraget fekk Klyve fram mykje  nyttig informasjon til politikarane. Alle kan sikkert vera samde om at skadane av alkoholbruk må koma ned mot null, meinte Klyve.

Skal me få dette til bør alkoholpolitikken vera kunnskaps- og lokalsamfunns-basert. Kunnskapsgrunnlaget må byggja på naturvitenskap, samfunnsvitenskap og kulturvitenskap..  Dette må koma klart fram i dei kommunale rusmiddelpolitiske handlingsplanane, sa Klyve. Alkoholpolitikk vert ofte ein kamp mellom næringspolitikk og sosial – og helsepolitikk. Diverre er det næringspolitikken som er vinnar her. Klyve ynskte  solidaritetstankane velkomne tilbake i alkoholpolitikken. Rusfrie soner bør me halda på. Diverre ser det ut til at idrett  ikkje lenger er så alkoholfri. Her bør politikarane stå på. Idrett utan alkohol skulle vera sjølvsagt, hevda Klyve.

Kor viktig det er at debutalder vert utsett, fekk Klyve fram ved å visa til tal frå Sirus, Statens institutt for rusmiddelforskning,.  Ein som debuterer som 13 åring, vil ha eit årleg alkoholforbruk på 14,4 liter rein alkohol,  det  vil t.d.  seia 936 flasker øl,  som 20-25 åring.  Debuterer ein som 18 åring. Vert forbruket berre 3 liter rein alkohol som 20-25 åring. Her er det  mykje å vinna, slo Klyve fast.

Møtedeltakarane hadde høve til å koma med kommentarar og spørsmål under foredraget til Klyve. Fleire nytta seg av dette.  Likevel vart det også ein livleg samtale etter innleiinga. Politikarane var takksame for at Lindås Fråhaldslag gav dei høve til å møta ein fagmann på eit viktig område. Me får vona at det vert ført ein fornuftig alkoholpolitikk i Lindås kommune.

Fråhaldslaget sytte for god servering under møtet.

No Comments Yet

Leave a Reply