fbpx

Unionsoppløysing på Revyskolen.

Fire museum, fem folkehøgskolar og Foreningen Norden er samarbeidspartnarar i eit stort kulturprosjekt i samband med jubileet for unionsoppløysinga i 1905. Revyskolen Solbakken folkehøgskole deltek med revyen «Ungdom i grensebygd». Samstundes arbeider elevar og lærarar ved skolen med West Side Story og Robin Hood.

Lærar Odd Kåre Mikkelsen og 12 elevar frå Revyskolen Solbakken folkehøgskole har det travelt i desse dagar. Dei produserer ein revy – «Ungdom i grensebygd» – som skal visast seinare i vår, mellom anna i Halden 20., 21. og 22. april. Men før det, skal den på skolen si eiga scene i byrjinga av mars. Då skal også to andre store satsingar visast fram. Den eine er ei familieforestilling om «Robin Hood» som lærar ved skolen, Simen Erik Tolgensbakk er instruktør for. Så skal komponist og musikklærar Nils Olav Dolven saman med ei anna elevgruppa setje opp musikalen West Side Story. Som vi skjønar har publikum mykje å gle seg til! Dei to sistnemnde oppsetjingane vil vi kome tilbake til i eit seinare nummer av bladet.

Ideen til prosjektet «Ungdom i grensebygd» kom opphavleg frå dei fire musea som no også skal gje ut ei norsk/svensk barnebok med tema frå 1905, fortel Odd Kåre Mikkelsen. Folkehøgskolane i prosjektet er på norsk side Revyskolen Solbakken Folkehøgskole og Follo folkehøgskole. I Sverige er det Ingesund folkhøgskola ved Arvika, Dalslands folkhøgskole og Ljungkile folkhøgskola. Dei fire musea er Bohusläns Museum, Halden historiske Samlinger, Kvinnemuseet i Kongsvinger og Värmlands Museum. Foreningen Norden i dei to grannelanda er også med i prosjektet.

Vi er jo glade i svenskane…!

Gruppa frå Revyskolen skal produsere ein einakters revy. Rektor Anders Slaatsveen sleppte oss til midt i undervisningstida, og vi fekk høve til å vere med elevane ei økt og høyre litt om korleis dei arbeider. Det var ei oppglødd og engasjert gruppe vi møtte. Fleire poengterte at arbeidet med revyen har lært dei mykje om dei historiske hendingane i 1905, men også meir om svenskane i det heile. Unionsoppløysinga var jo ikkje berre gravalvor; det er ikkje til å kome bort frå at det var mykje komisk oppi det heile.
Då vi møtte dei, var dei nett komne tilbake frå eit prosjektseminar på Voksenåsen der dei hadde vist fram prøver på kva dei har tenkt å lage i revyen.
– Det var litt om krigsførebuingane i 1905. Litt sånn parodisk omkring alt oppstyret som var, seier Anja Lauvli Schley; ho er inspisient og ser etter at alt og alle er på plass til øvingar og forestillingar. Silvi Linn Fykse og Maren Gulliksrud steller med PR for «Ungdom i grensebygd». Dei har teke bilete av gruppa og skal ut til aviser og andre medier med informasjon. Sivilarbeidar Endre Haukland skal hjelpe oss og vere døropnar til mediene, fortel jentene.
– Revy er alvor, og folk skal få noko å tenkje på, men dei skal også ha det gøy saman med oss, og vi skal ikkje berre le av svenskane, fortel Silvi. Bak dei politiske stridane var nordmenn og svenskar gode vener. Difor vart det ikkje krig. Ja, vi tenkjer faktisk å gjere «kjærleik over grensa» til eit tema, seier Maren. Vi skal synge og danse og ha det moro, både på og utanfor scenen. – Vi gler oss til framsyninga i Halden i april, for då kjem Mette Marit, ler ho.
Dei tre jentene fortel at samarbeidet i gruppa går svært godt. Det er ingen primadonnanykkar eller intriger og krangel om roller her. Og så trivst dei på folkehøgskole. Dei synest kombinasjonen revy og folkehøgskole høver svært godt.

Eit unikt prosjekt

Lærar Mikkelsen er oppglødd over samarbeidet mellom musea og folkehøgskolane og karakteriserer det som unikt.
– Musea får ein ny vri på formidlinga si, og vi får dra nytte av ressursane som samarbeidspartnarane våre representarer, seier han. Han fortel at det er planen å halde fram samarbeidet også i 2006 med eit sommarkurs. Tanken er å flytte seg rundt frå skole til skole, fortel Mikkelsen som har vore med i styringsgruppa for prosjektet sidan januar 2004.

 

No Comments Yet

Comments are closed