fbpx

Unge jenter og alkohol

Kronikk av Harald Dyrkorn

Alkoholforbruket i 2003 var det høgaste på 100 år, og særleg uroande er det at så mange unge drikk stendig meir.

I fjor vart så mange som 3205 nordmenn pumpa på sjukehus. Det er særleg gruppa unge kvinner mellom 18 og 24 år som skil seg ut. Her auka talet på innlegging for pumping med 63 prosent til 306. Frå før veit vi at om lag tredjeparten av sjukehussengene i dette landet er tekne opp av folk med eitt eller anna alkoholrelatert problem. Vi har for ikkje lenge sidan også fått slått fast at over ein million av oss kjenner seg plaga av fylleåtferd. Ja, denne hausten har vi i langt støtte grad enn på lenge opplevd at mediene har sett søkjelyset på ulempene ved å ha alkoholen i samfunnet.
Alkoholen har, som vi veit, to andlet. På den eine sida er det eit faktum at alkoholen er ei gift, ei gift samfunnet førebels har bestemt seg for å leve med. Til det keisame blir det oppatteke at alkohol er ei lovleg vare, ei vare som må vere tilgjengeleg. At giftverknadene er omfattande tel liksom ikkje i den store samanhengen. Alkoholmagien synest å viske ut all rasjonalitet på dette området. Rasjonaliteten stoppar ved 7. klassse i grunnskulen – 13-åringar er mot alkohol og vil ha det bort frå samfunnet. Og dei ser samstundes klårt kvifor alkohol og andre rusmiddel blir spreidde: Det er så mange som tener pengar på det!

På den andre sida opplever mange at det er festleg og sosialt frigjerande å drikke. Alkohol løyser opp stive nordmenns hemningar og gjer det lettare å nærme seg andre. At dette er ei kulturell fortolking av alkoholrusen, nyttar det sjølsagt ikke å fortelje folk i håp om at dei skal drikke mindre eller slutte å drikke alkohol. Samstundes blir det skapt eit bilete av alkoholdrikkande unge menneske som sosialt velintegrerte og vellukka på alle vis. Og dette biletet bit seg fast i mange foreldre, som gjerne vil at ungdommane deira skal kome seg vel fram i verda og ikkje skilje seg ut eller bli særingar på noko vis.

Korleis blir så slike bilete av unge, alkoholdrikkande menenske formidla? Bladet Det Nye er blitt ein slik arena. Dette bladet er i praksis innretta på målgruppa unge jenter frå om lag 20 år og nedover – kan hende så langt ned som til 13 år eller yngre. Bladet er ein del av "venleikstyranniet" som unge jenter i dag blir utsette for nesten kvar ein snur seg. I nr. 13 – 2004 er det for det første ein regelrett reklame for Absolut Vodka med bringebærsmak. Varemerket kjem tydeleg fram og bodskapen er at dette er ein drikk med frisk og god smak – som skapt for unge jenter, kunne det like gjerne ha stått. Når DNT så klagar til Sosial- og helsedirektoratet, får vi vite at det her dreier seg om lovleg, redaksjonell omtale av eit produkt, og det blir vist til paragraf 100 i Grunnloven om trykkefridom.
Ein annan stad i same bladet finn vi ein stor reportasje om fire unge jenter som får tips om "hvordan du kan drikke uten å miste kontrollen". Det er Kari Lossius og Fanny Duckert som er ekspertane på korleis dette kan gjerast. Kari Lossius er klinikksjef ved Stiftelsen Bergensklinikkene – kjent som ein av hjernene bak formuleringa "lykkepromille". Fanny Duckert har mellom anna arbeidd med å hjelpe "fuktige" næringslivsfolk med å kontrollere eller redusere alkoholbruken sin.

I teksten i artikkelen blir det heile vegen åtvara mot å overdrive drikkinga. Det er lagt inn små "faktaboksar" som fortel kor mange alkoholeiningar det er i til dømes ein halvliter øl, i eit glas raudvin eller i ulike populære drinkar. "Ta kontroll over enhetene før de tar kontrollen over deg", heiter det. Jentene får vite av ekspertane at alkohol skader fosteret og kan føre til spontanabort. Levra vår toler heller ikkje ubegrensa med alkohol, sjølv om dette organet har "en fantastisk evne til å reperarere seg selv", som det heiter. Bodskapen er at rus er godt, rus er behageleg, men pass på så du ikkje drikk for mykje. Drikk gjerne alkohol, men drikk med måte! Og redaksjonen i Det Nye har illustrert artikkelen med fargeglade bilete av jenter med glaset heva. I dei fargerike drinkane til dei blide ungjentene heng det grøne, doggvåte limebåtar over kanten på glaset, og ei av dei har jamvel fått ein kvast med stangselleri oppi det raude innhaldet i glaset. Det ser friskt og godt ut, nett slik dei smilande jentene også gjev inntrykk av. Kven kan vel tenkje seg desse friske, livlege ungmøyane i ambulanse på veg til pumping på eit nattleg akuttmottak?

Artikkelen i jentebladet fell fint inn i alkoholindustriens nye strategi, sjølv om det kan hende ikkje er tiltenkt frå redaksjonen si side. Men slike bladredaksjonar er særs kjenslevare for kva som er i tida, kva som sel. Og nett denne framstellinga av rus som noko godt og positivt sel utan tvil bra – det sel både jenteblad og alkohol i same slengen.

No Comments Yet

Leave a Reply