fbpx

– Ta dei rette vala

img_6252

– Vèr tomodig, tren mykje og ta dei rette vala. Det var Tora Berger sitt råd til unge utøvarar som vil nå langt.

Det var i NM i rulleskiskyting i Vik siste helga i september at Tora Berger, som har vunne åtte verdensmeisterskap og to OL gull i skiskyting, prata med IUA. Om idrett og alkohol sa Berger at dette er to ting som naturleg nok ikkje høyrer saman.

Gjekk feil

Det var tre spanande dagar i vakre Vik i Sogn. I seniorklassen var det Johannes Thingnes Bø gjekk i mål fyrst på rulleskisprinten, men blei diskvalifisert etter å gått feil. Gullet gjekk dermed til Erling Aalvik. I kvinneklassen blei det gull til Marte Olsbu.

img_6225

Midt i smørauget

Idrett Utan Alkohol hadde stand «midt i smørauget» ved mat-teltet, og  konkurransane trekte til seg mange unge publikummarar. Kring hundre born var med i konkurransane våre, og var dermed med i trekninga om flotte premiar. Idrett Utan Alkohol nytter høvet til å rosa arrangørar, idrettsutøvarar og publikum for eit særs flott arrangement.

img_6241
GLADE JENTER: Sara-Sofie, Victoria og Nathalie var med på IUA sine konkurransar. Dei var og med på åpningsseremonien til NM.
img_6258
VINNAR: Hjalmar Viik var glad vinnar av t-skjorte på vår stand
img_6172
GOD STEMNING: Yrande liv og god stemning på stand.
No Comments Yet

Comments are closed