fbpx

Svært uheldig med øl og vin under EM i handball

Det er trist å lesa EM-leiar i handball, Grethe Ingels sine uttalelsar i Dagbladet 25. september om å tillate øl og vinservering under EM i handball for menn, som startar 17. januar 2008. Norges Handballforbund er vertskap for verdas beste handballag som møtast til dyst.

Øl- og vinservering er stikk i strid med retningslinjene om alkohol og idrett som er vedtatt av idrettsstyret 8. mai 1998. I punkt 1 står det: ”Norges Idrettsforbund og Olympiske Komite skal framstå som ein organisasjon som arbeidar mot bruk av alkohol i idrettsleg samanheng”.

Idrett som alkoholfri sone berører både idrettsutøvarar, leiarar, tilskodarar, supportarar, førebilete, arrangørar, VIP og sponsorar. Leiar i handball-EM, Grete Ingels burde vite at kvart enkelt element er viktig for totalbilete. Og dei fleste som driv aktiv idrett er born og ungdom. For desse er det spesielt viktig at idretten lokalt og nasjonalt står som berarar av sunne verdiar og gode haldningar, mellom anna i forhold til rusmiddel. Det er ei oppgåve som ikkje kan leggjast lengst bak i skåpet så snart det er snakk om økonomi. Drikkepresset mot born og ungdom vert ikkje mindre av at idretten vert knytta saman med øl og vinglaset. Difor er Grete Ingels sine uttalesar trist lesnad.

Les mer om idrett uten alkohol nettverket

No Comments Yet

Leave a Reply