fbpx

Styrka strategi for arbeid med organisasjonseigde kulturbygg

Fra Menneskevennen nr 1, 2006
Tekst: Nils Seland, dagleg leiar Norske Lagsbruk

Nettverk for organisasjonseigde kulturbygg (NOK) er etablert.

Stiftarane er:

Folkets Hus Landforbund
Norges Velforbund
Landslaget for alkoholfrie samlings- og serveringssteder (LASS) (IOGT og DNT sine hus)

Norske Lagsbruk (Noregs Ungdomslag sine hus)
Nettverket representerer omlag 1 000 organisasjonseigde, lokale kulturbygg.

Føremålet med nettverket er:

Synleggjere og arbeide for betra rammevilkår for lokale, organisasjonseigde og dugnadsdrivne kulturbygg.

Vera eit tenesteapparat for utvikling og drift av kulturbygg i landsomfattande frivillige organisasjonar.
Rett til medlemskap og demokratisk styring:

Landsdekkande organisasjonar som eig/ har lokallag som eig lokale kulturbygg kan bli medlemmer. I nettverksmøte har dei stemmerettetter tal kulturbygg i organisasjonen.

Kulturbygg som ikkje er tilslutta ein av organisasjonane i nettverket, kan bli registrert i databasen og få eit visst minstetilbod, men ikkje demokratiske rettar.

Full medlemssørvis får lokale bygg berre ved å melda seg inn i ein av organisasjonane i nettverket.
Det er arbeidet for å få tilgang til spelemidlar frå overskotet til Norsk Tipping som er det viktigaste politiske arbeidet nå. Idrettsbygg har i lang tid henta store midlar til lokale anlegg, mens våre dugnadsdrivne kulturbygg til nå ikkje har vore påakta av styresmaktene. Nettverket er i dag i direkte dialog med kulturministeren og hans rådgjevarar, og me har store voner om at me kan få betydelege midlar tilgjengeleg for slike hus frå statsbudsjettet for 2007.

Ein sentral husdatabase er under etablering på www.kulturbyggnett.no

www.lass.no

 

 

No Comments Yet

Comments are closed