Støtter masterprosjekt om trening

img_3460
Cecilie Schjøtt Hannevig var aktiv skøyteløpar for Fana IL men måtte gi seg på grunn av skade. No studerar ho ulike læringsmetodar, og vil arbeida vidare innan idretten.

78 idrettsskule-elevar er med i ein studie der ein ser på ulike læringsmetodar. Idrett Utan Alkohol støttar studien med t-skjorter og føredrag til 78 testpersonar.

Det er Cecilie Schjøtt Hannevig som står for studien som eit ledd i sin mastergrad i fysisk aktivitet og kosthald i eit skulemiljø. Her studerer ho ulike læringsmetodar, og effekten av desse.

  • Alle elevane i studien skal gjennom ein test, der dei skal prestera i stille tresteg utan å ha trent på dette. Deretter vert elevane delt inn i grupper, ei kontrollgruppe som ikkje trener, og ei gruppe som trener to gonger i veka, med 20 hopp per gong, fortel Cecilie. Nokre av elevane får instruksjonar «face to face», medan andre vert trent ved å sjå seg sjølv på video. Deretter skal ein sjå kven som har best utvikling, noko som kan peika på kva treningsmetode som eventuelt gir best langtidseffekt. Schjøtt Hannevig fortel at det i idrett på høgt nivå er vanleg å bruka video i trening, men ikkje på vidaregåande skule, der det er lærarane som kjem med tilbakemeldingar.

Interessant felt

  • Tidlegare studier av dei ulike treningsmetodene har tidlegare synt sprikande resultat, så utfallet er ikkje gitt på førehand. Dessutan er det ikkje utført denne type test på personar frå Vidaregåande skule før, fortel Cecilie, som sjølv har drive med idrett på høgt nivå. Ho har drive med både kunstløp og lengdeløp, mellom anna med ein tredjeplass på 3000 meter i NM-lengdeløp på merittlista, før ho blei skada og måtte leggja skøytene på hylla.
  • Læringsmetodar er eit interessant felt, synes Cecilie, som både er basistrenar på toppidrettslinja på Tertnes, faglærar i skøyter på høgskulen i Bergen, og jobber på testlaboratoriet på same stad.

Ville gi noko attende

  • Det er idrett eg ønsker å jobba vidare med, og eg synes det er flott at elevane stiller opp i mitt forskingsprosjekt. Difor ønskte eg å gi dei noko attende som ein liten takk, seier Cecilie. Ho kontakta Idrett Utan Alkohol, som i løpet av neste år skal halde føredrag om idrett og alkohol til dei same elevane som er med i prosjektet.
  • Så lenge du driv med idrett bør du halde deg unna alkohol. Når ein går på skule er freistingane mange, til dømes i russetida, og fadderveka. Då er det viktig å våga å sei nei, avsluttar den unge masterstudenten frå Bergen.