Satsar på gode førebilete

Dei satsar alt på å verta mellom verdas beste i sin idrett. Samstundes brenn dei for at idretten skal vera ein friplass frå alkohol og andre rusmidlar.

MARATON MED EIT MÅL FOR AUGE: 21. mai spring Marthe Kristine Myhre maraton i København med eit mål for auge; VM-kravet.
MARATON MED EIT MÅL FOR AUGE: 21. mai spring Marthe Kristine Myhre maraton i København med eit mål for auge; VM-kravet.

Marthe Myhre, Martin Roe, Sven Martin Skagestad og Salum Kashafali. Dei er mellom Norges – og til og med verdas beste idrettsutøvarar, men også store førebilete for born og unge. Det er det fleire som set pris på.

Det landsdekkjande førebyggjande prosjektet – Idrett Uten Alkohol, «samlar på» gode førebilete innan idretten. Prosjektet er støtta av Helsedirektoratet for å driva førebyggjande arbeid for at idretten skal vera ein fristad frå alkoholen, spesielt der born og unge ferdast.

– Vi tenkjer at nokre soner skal vera alkoholfrie, og Idretten bør vera ein av desse. Nesten kvart tiande barn i Norge har minst ein forelder som slit med alkohol. I eit idrettslag veit ein sjeldan kven desse borna er. Idrett Utan Alkohol arbeidar difor for at barneidretten skal vera ein trygg stad – også utanfor bana.

– I Norge er det brei semje i at barneidretten bør vera alkoholfri, men den er dessverre ikkje alltid det, fortel prosjektleiar Gro Anette Fanebust.

Dei beste med på laget

Prosjektet under organisasjonen Edru Livsstil arbeidar også for å nå dei som ikkje er i organisert idrett. Difor er Fanebust svært glad for samarbeidet med KnarvikMila gjennom fleire år.

– Idrett Utan Alkohol rettar seg mot alle idrettslag på grunnplanet og vidare oppover i systemet. Vi arbeider bevisst opp mot store nasjonale idrettsarrangement, så vel som mindre lokale. Målet med aktivitetsprogrammet er rusførebygging, samt å forsterka eksisterande rusrestriktive standpunkt, som stadig vert utfordra innan idretten, seier Fanebust.

For å nå fram med bodskapen sin er prosjektet avhengig av gode førebilete. Med seg på laget har Idrett Utan Alkohol ei rekkje idrettsutøvararar som konkurrerer i toppen både nasjonalt og internasjonalt.

Satsar mot VM

Ein av dei er tikjempar og norgesmeister i mangekamp, Martin Roe, som satsar for fullt mot VM i London, og mot OL 2020. 24-åringen trener meir enn 30 timar i veka, samstundes som han har jobb i sportsbutikk. Martin Roe kom på 11. plass i EM i friidrett i Nederland i juli i fjor. Her sette han personleg rekord både i lengde og diskos i løpet av meisterskapet. I februar blei Roe noregsmeister i sjukamp innandørs med 5690 poeng. Han har persa i fleire greiner det siste året, noko som tyder på at han er i sitt livs form. Så er han også meir motivert enn på lenge.

NORGESMEISTER: I februar blei Martin Roe norgesmeister i sjukamp innandørs. Han er meir motivert enn nokon sinne, og satsar for fullt fram mot VM i London.

Motivert

– Eg var veldig godt nøgd med 11. plassen i EM, den gav virkeleg motivasjon til å satsa vidare, fortel 24-åringen, som byrja med friidrett i ung alder. Frå han var seks år har han trent friidrett, etter at foreldra, som også er trenarane hans, tidleg oppdaga at Martin hadde eit heilt spesielt talent for friidrett.

Roe har valt å vera idrettsambassadør for Idrett Utan Alkohol, og synes det er viktig å arbeida for ein alkoholfri og inkluderande idrettskultur.

– Eg vel idrett utan alkohol rett og slett fordi eg legg ned så mykje tid og krefter i treninga mi og i idretten, og dette vil eg ha mest mogleg utteljing for. Alkohol set meg kun tilbake, seier Roe.

Til OL i 2020

Også diskoskastar Sven Martin Skagestad er med på laget til Idrett Utan Alkohol. Han vart kåra til største talent i Hordaland i 2014, vart nordisk meister i kule og diskos i 2014, og kasta seg til ein 13. plass i OL i 2016. 22- åringen frå Godvik har alt klart kvalifiseringskrava både til VM i år og til OL i 2020.

– Det er min store draum å stå på toppen av pallen i OL, og eg kjem til å gjera alt som skal til for at dette skal realiserast, seier Skagestad, som nyleg var på treningsleir i Portugal for å finpussa forma.

OL I 2020: Sven Martin Skagestad har allereie klart kravet til OL i 2020. Men først er det VM i London.
OL I 2020: Sven Martin Skagestad har allereie klart kravet til OL i 2020. Men først er det VM i London.

Også supersprintar Salum Kashafali er Idrettsambassadør for Idrett Utan Alkohol. Han er norgesmeister på 60 meter, og tok 5. plass i nordisk meisterskap i 2015.

– Det er utruleg dyktige idrettsutøvarar vi har med oss når vi er ute og frontar rusfri idrett, og det er vi stolte av, seier Gro Anette Fanebust.

Stor påverknadskraft

– Gode førebilete har stor påverknadskraft overfor born og ungdom. Difor er vi glade for å ha desse toppidrettsutøvarane med oss på laget, som marknadsfører ein alkoholfri idrett og sunn livsstil overfor dei unge, seier Fanebust. Ho fortel at prosjektet Idrett Utan Alkohol i alt har 11 idrettsutøvarar i sin «stall».

Friidrett NM Innendørs 2015 STJERNELAG: Salum Kashafali er ein av Norges raskaste menn, og konkurrerer i ei av verdas tøffaste idrettar; sprint. Foto : Eirik Førde
STJERNELAG: Salum Kashafali er ein av Norges raskaste menn, og konkurrerer i ei av verdas tøffaste idrettar; sprint. Foto : Eirik Førde

– Desse marknadsfører ein sunn livsstil både på idrettsarrangement, i media, sosiale medier og elles i lokale klubbar og idrettslag. Vi trur det er viktig å forsterka eksisterande restriktive standpunkt til rusbruk – som stadig vert utfordra i idretten, avsluttar Gro Anette Fanebust.