Alkohol bør ikkje verte meir tilgjengeleg
Lesarinnlegg av Ottar Boge, Indre Arna
BT 16.01.18.
Det var med spenning eg venta på kva Høgre, Framstegspartiet og Venstre vart samde om i sin nye regjeringsplattform. Søndag fekk me svaret. Dei tre partileiarane fortalde at dei no vil gjera det lettare å få skaffa seg alkohol. For meg var det trist å sjå.
Den nye regjeringa vil utvida alkoholsalet. Alkoholsalet skal utvidast til klokka 21 på kvardagar og laurdagar. I dag er reglane klokka 20 på kvardagar og klokka 18 på laurdagar. Partia ønskjer også å endra alkohollova slik at opningstidene i Vinmonopolet sine lokale butikkar kan følgja kommunalt fastsette salstider for alkohol.
Er det ikkje rart at det skal verta endå lettare å få tak i ei vare som lagar så mykje vondt?
Alkohol på jobb burde vere ulovleg
Metoo-kampanjen har vist at alkohol er ei viss forklaring på det som har skjedd. Laurdag kveld fortalde komikaren Rune Andersen på TV-programmet Lindmo om kva han hadde opplevd i barndommen. Dette på grunn av alkoholbruk hos faren.
Eg er glad for at fleire parti no vil redusera alkoholbruken på tilstellingane sine. Me må tru at det ein gong vil skje at alkoholproblema vert tatt på alvor.