fbpx

PROFITT ELLER MENNESKE

 Av Terje Vindenes

I eit BBC-program om eksport av landbruksvarer frå EU til utviklingsland, sendt i NRK i sommar, opplevde me denne politikken sett frå Gana. I dette landet var det tradisjonelle landbruket lagt øyde; sjølv underbetalte bønder kunne ikkje konkurrera. EU og USA har gjennom WTO, verdshandelsorganisasjonen, lagt landbruket øyde og folk har ingen ting å leva av.

Det er ikkje krig og tørke som øydelegg livet til folket. Det er politikken til Reagan og Thatcher som fekk gjennomslag i WTO. Ghana får ikkje lov å verna eigne interesser og vert tvinga til å avvikla eigen landbruksproduksjon.

Norden har sidan tidleg på 1800 talet lidd hardt under eit stort alkoholforbruk: Det var sprit og fattigdom, og landa brukte første del av førre århundre til å avskaffa fattigdom og få kontroll med fylla. Internasjonalt er dette ei suksesshistorie; stor reduksjon i alkoholforbruket og stor velstandsauke for folk flest. Det er to sider av same sak. Løkjelen er å sjå på alkohol som ei problematisk vare som må bli regulert gjennom pris og redusert tilgjenge.

Men med EU og EØS er dette snudd opp ned: Alkohol er ei vanleg vare, det er salsinteressene og storkonsumentane som set premissa for politikken, og då er den rasjonelle nordiske alkoholpolitikken er eit hinder for frihandelstenkinga til EU.

Forskjellige prisar fører til grensehandel. Det ser ut til å vera er greitt når Noreg kjøper krigsskip i Spania, men dei same politikarane ropar over seg når nordmenn kjøper vin på Systembolaget. Denne tankegangen har ført til at Finland har kutta drastisk på spritavgiftene og dette har ført til "russiske" tilstandar; større forbruk og auka offentleg fyll og store problem med fyllekjøring. Finske politikarar vil ikkje snu og dei vil heller ikkje setja inn større hjelpetiltak mot dei som vert ramma av alkoholkapitalen. Dette er dokumentert i ein rapport den norske ambassaden i Finland har sendt til Sosialdepartementet.

I båe desse døma ser ein at frihandel er øydeleggjande. Frihandelen øydelegg levegrunnlaget i Ghana og den liberalistiske tenkinga sparkar grunnen under ein solidarisk sosialpolitikk: Rusgiftskadane vert større, samtidig som vilje til ansvar i samfunnet forsvinn.

Sosialminister Ingjerd Schau vart intervjua om dette i Dagbladet 02.07, og ho var redd for denne utviklinga, men ho hadde ingen svar på desse utfordringane og sto på partiprogrammet til Høgre som vil redusera avgiftene på alkohol.

Dagfinn Høybråten vil nok setja rapporten frå Finland i ein annan samanheng enn det Høgre gjer. DNT vonar at statsminister Kjell Magne Bondevik når fram med initiativet sitt i Nordisk Råd om å stoppa den negative avgiftsspiralen i Norden og Europa. Om ikkje vil også Noreg oppleva finske tilstandar. Det vil bli mange gode avisreportasjar av det. Men det er til lite trøyst.

 

No Comments Yet

Leave a Reply