fbpx

Pressemelding: Fakkelprisen til Ole Einar Bjørndalen!

 Det Norske Totalavholdsselskap (DNT) deler ut fakkelprisen 2009 til skiskyttarkongen og avholdsmannen Ole Einar Bjørndalen under årets Skifestival Blink i Sandnes 1. august 2009.

 Ole Einar Bjørndalen vart av Bergens Tidene 23.02.09 etter gull i sprint, gull i jaktstart, gull i normaldistanse, gull i stafett i årets skiskytter-VM spurd om følgjande spørsmål :” Hva er feiring à la Ole Einar Bjørndalen etter VM-festen?     ”-Tja. Å ha det artig uten alkohol.

Bjørndalen vert tildelt Fakkelprisen 2009 for sitt gode førebilete, spesielt ovanfor barn og unge. Dette avdi han avstår frå bruk av alkohol i alle samanhengar.

 -Det er ei ære for meg å ta imot DNT sin fakkelpris. Drikkepresset mot barn og ungdom blir ikkje mindre av at idretten sine gleder og helter stadig vert knytta saman med ølglaset. Ja til idrett utan alkohol, uttalar Ole Einar Bjørndalen.

 Ole Einar var berre 12 år då han fann ut at kombinasjonen alkohol og skiskyting ikkje høyrde saman. Han var fast bestemt på å verta verdas beste skiskyttar.Allereie då la han merke til at folk som drakk hadde ein tendens til å verta dårleg dagen derpå. Det passa ikkje i hans planar. Ole Einar ville bli best, og den mogelegheiten meiner han er større når ein kuttar ut noko som kan øydeleggje dette.

 Bjørndalen meiner at idretten skal representere sunne normer og verdiar, og seier at det er ei oppgåve som ikkje kan verta lagt lengst bak i skåpet så snart det er snakk om økonomi.

 Bjørndalen er verda sin mestvinnande skisportutøvar med 88 enkeltsigrar i verdscupen i skiskyting. I tillegg til ein verdscupsiger i langrenn, 6 samanlagtsigrar i verdscupen, samt 42 medaljar frå OL og VM.

Skifestivalen Blink 2009 i Sandnes sentrum er eit samarbeid mellom World Event, NRK, Norges Skiskytterforbund, Norges Skiforbund, Rogaland Skiskyttarkrets, Agder og Rogaland Skikrets og lokale klubbar. Norske og utanlandske eliteutøvarar i langrenn og skiskyting vil delta i arrangementet.

For nærare opplysningar og spørsmål, ver venleg å ta kontakt med prosjektleiar i idrett utan alkohol, Tore Arnegard mobtlf 90091126 eller til epost: tore@avhold.no

 
Det Norske Totalavholdsselskap (DNT)
 

Harald Dyrkorn (s)                                                                                   Tore Arnegard (s)

Generalsekretær                                                                                  Leiar i idrett utan alkohol

No Comments Yet

Leave a Reply