top of page

Årsmøte i Edru Livsstil Nordhordaland

Edru livsstil Nordhordaland hadde årsmøte på møterommet i Knarvik bibliotek onsdag 26. februar med to aktuelle programinnslag og matøkt. Vanlegvis er det få som kjem på årsmøta, men denne gongen var det meir enn vanleg.


Først ute var politioverbetjent Therese Muus-Falck frå førebyggjande arbeid innan kriminalitet og rus ved Lensmannskontoret i Knarvik. Ho gav ei grundig orientering om russtoda i Nordhordland sett frå politiet si side, særleg med vekt på dei unge. Ho formidla bruk av ymse rusmidlar, både narkotiske stoff og alkohol, om korleis den statistiske stoda ser ut i kommunane i Nordhordland for ulike aldersgrupper og omfang. 




Tankar ein sit att med etter orienteringa, er at det er mange oppgåver å ta tak i. Og kven skal gjera kva? Politiet har altfor lite resursar til å ta seg av alt som burde vore gjort på omkvervet. Det trengs meir opplysning om skadeomfanget som rusbruk påfører den einskilde og samfunnet. Det trengs fleire behandlingsplassar. Det trengs fleire alkoholfrie møteplassar for eldre og unge. Alkohol er eit lovleg og det mest brukte rusmiddelet. Alkohol er ofte inngangsporten til å prøva ut andre illegale rusmiddel, og dei er det mange av. Narkotikasal er diverre aukande også her i området, men me ligg lågare enn landsgjennomsnittet. Statistikk viser at fleire unge heilt ned til 12-13  år drikk alkohol, og auken er størst mellom jenter. Dette speglar i grunnen trenden som rår i samfunnet, der alkohol er blitt ei vanleg vare. Årsmøtet sette pris på orienteringa og brukte ein heil time på temaet, med spørsmål og svar.


No trong me mat! Med eigen bakar Bruun i styret, slappa me av ei kort stund med marsipankake og tebrød. Deretter var det Helge Brekke sin tur til å orientera om framdriftsplanen for Seniorhelsa i Alver. Eit spanande prosjekt som dagen etter, torsdag 27. braka laus i Strilatun med fullt hus, dans og positiv gamaldags spetakkel eller "tyleskap", som han Jens Brekke, kåsøren frå Vik, kalla det. Alt i edru tilstand.


Alle i styret i Edru livsstil Nordhordland tok attval, og fekk varamann, noko me ikkje har operert med før. Folk står ikkje nett i kø for å vera med i styra for frivillige organisasjonar.


Styret i Edru livsstil Nordhordland:                       frå venstre Alf Trygve Seim, Rune Landsvik, Kjetil Jacobsen, Sissel-Anny Hjelmtveit (leiar), Jan Flekke (vara) og Sverre Solberg
Styret i Edru livsstil Nordhordland: frå venstre Alf Trygve Seim, Rune Landsvik, Kjetil Jacobsen, Sissel-Anny Hjelmtveit (leiar), Jan Flekke (vara) og Sverre Solberg

Sissel-Anny Hjelmtveit, leder i Edru Livsstil Nordhordaland

bottom of page