top of page

Presentasjon: Gol Fråhaldslag

Med ein dynamisk og engasjert leiar, Tormod Skarsgard er det ingen sak å drive Gol Fråhaldslag. 





Fråhaldslaget i Hallingdal teller rundt 75 medlemar, og har òg ein del yngre medlemar. 

  

- Eg er totalist, men ikkje totaltrist, seier Skarsgard. Han er optimist og humørspreiar

Fleire nye medlemar kjem til årleg, medan andre døyr. Ofte grunna høg alder. 

  

Tormod har med seg i styret Kjell Torstein Hagen, Arne Braathen, Margrete Berg og Stian Ekra. Mona Lykkesund og Tore Arnegard er varamedlemar. 

  

I kring 5 styremøter vert gjennomført årleg. Dessutan ein rusfri stand utanfor Fretex Gol på den rusfrie dagen i juni månad. Dette er eit samarbeid med Fretex og Frelsesarmèen. Her er det utdeling av alkoholfrie drinkar og brosjyrer om DNT – Edru Livsstil. 

  

Dessutan arrangerar Gol Fråhaldslag ein hausttur. I fjor gjekk turen til Hermon Høyfjellshotell i Sudndalen.  Haustturen har òg gått til andre stader, som til dømes Bergsjøstølen i Ålingsfjellet. 

  

Gol Fråhaldslag arrangerar òg kvar haust songkveld på Gol Bedehus. Gjerne med korsong og tale.  Dessutan fellessongar, diktlesing, utlodding, kaffi og kaker. Ikkje uvanleg med 45 -50 frammøtte. 

  

I fjor deltok medlemar frå Gol Fråhaldslag på "Bli Sett"-konferanse på Storefjell, og var dessutan med som sponsor. 100 personar deltok. 

  

Gol Fråhaldslag er godt kjend i kommunen og elles i Hallingdal. Me har sendt inn høyringsuttale til Gol kommune vedrørande alkoholpolitiske retningsliner. Fråhaldslaget poengterar der at alkohol er eit rusmiddel som kan få negative konsekvensar for den enkelte si helse og velvære, og for samfunnet som heilskap. 

  

Under vårt årsmøte i vinter vart det sendt inn lesarbrev til lokalavisa Hallingdølen om vår store skepsis til legalisering / liberalisering av narkotikapolitikken, som både enkeltpersonar og politisk parti proklamerar og ivrar for.


Det er eit heiltufatteleg standpunkt at enkelte ynskjer det, og me meiner prinsipalt at auka tilgjengelegheit aukar forbruket. Me ynskjer å støtte opp om rusfrie omgjevnadar, spesielt der barn og unge ferdast og er tilstades. Kvifor kan ikkje born og unge få ein trygg og god oppvekst? Det fortenar dei sanneleg!Gol Fråhaldslag ynskjer å vera ei stemme for dei stemmelause. For den komande generasjonen. 

  

Medlemane i Gol Fråhaldslag sin motivasjon er å vera eit godt førebilete for andre, gje våre medmenneske forkøyrsrett og fyrsteprioritet, og gjennom fråhaldsstandpunktet syne sann og solidarisk nestekjærleik i praksis. Me meiner det finst berre gode argument for å fremje fråhaldsstandspunktet i heim og samfunn. Det byggjer opp god helse, som den aller største rikdomen i livet! Positive tankar skapar mogelegheiter for gode og meiningsfulle liv. Me treng slettes ingen maske og flaske å skjule oss bakom

  

Medlemane i Gol Fråhaldslag vil vera den me er i alle samanhengar, som unike menneske. Orginal og ikkje ein kopi av alle andre. Nokon må våge å stå opp for det som er rett og sant! Dessutan : I rusfrie miljø, samfunnslag og alkoholfrie soner er alle velkomne. Ingen vert ekskluderte, som der alkoholen flyt fritt. Kvifor gå eit steg ned når me kan ta eit steg opp?  

  

Gol Fråhaldslag ser stort fram til eit nytt arbeidsår, og der venskapen medlemane mellom får blomstre. Gode vener gjev næring til hjarta, og er livet sin store medisin!  

  

  

av Tore Arnegard 

  

 

bottom of page