Politisk møte i Bergen/Arna 25. august

Valmøte i Arna Idrettspark tysdag 25.august kl. 19.00.

Arna/Bergen Fråhaldslag, Actis Hordaland og IOGT Bergen hadde lagt opp til eit valmøte i Ljoshall, Indre Arna. Vi hadde fått positive svar frå fleire politiske parti. Men lokalavvisa, Bygdanytt har lagt opp til valmøte same dagen. Difor vert møtet vårt utsett.
Bygdanytt seier vi kan møta i lagshuset i idrettsparken i Indre Arna. Der vil vi stilla dei spørsmåla vi har stilt politikarne då vi inviterte til valmøte i Ljoshall.

  1. Alle kommunar er pålagt å utarbeida ein ruspolitisk handlingsplan med sikte på å redusera skader ved bruk av alkohol og andre rusgifter.
    Vil de syta for at planen vert tatt omsyn til?
  2. Etter stenging av Nygårdsparken har det etablert seg fleire opne ruscener i byen.
    Kva tiltak meiner ditt parti skal setjast inn for desse rusmiljøa ?
  1. I mars 2015 vart ein busssjåfør, som kjørte med 30 ungdomar i bussen, tatt med over  to promille. Korleis stiller ditt parti seg til å krevja alkolås i alle kjøretøy som vert nytta i kollektivtransport ?

Vel møtt!

No Comments Yet

Leave a Reply

Your email address will not be published.

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>