fbpx

Over sjø og land – aktivitetsleir

Image

Over Sjø og land er tipset til alle unge og gamle avholdsfolk som lurer på kor dei skal i sommer. Årets aktivitetsleir blir arrangert på Nesholmen leirstad i Gloppen  i Sogn og Fjordane.
– Aktivitetsleiren er ein leir for hele familien, ikkje nødvendigvis kjernefamilien, men barn og vaksne i lag, seier Torhild Emdal i arrangementskomiteen.
Invitasjon er snart tilgjengelig på www.aktivitetsleir.no, så følg med!

Sted: Nesholmen leirstad i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane fylke.

Tidsrom: 22.-28.juli.

Pris: kr 2000,- for voksne og kr 1000,- for barn. Medlem i DNTB kr 500,- (det lønner seg å vere medlem i DNTB :-)) 

Leirstaden Nesholmen er eigd av Fjordane krins av Noregs KFUK-KFUM og ligg sentralt ved rv. 615 midt mellom Hyen og Storebru, mindre enn ein time frå Førde, Florø og Sandane.

Nesholmen er staden for aktiv fritid og naturopplevingar

Med kano og robåt, flotte badeplassar i sandviker og på svaberg, fine fiskeplassar frå land og i båt, baner for fotball, korgball og sandvolleyball, grill- og leikeplass. Godt tilrettelagt for rørslehemma. Nesholmen er og staden for naturopplevingar for store og små, få eller mange. Den utruleg vakre naturen innbyr til korte og lange turar i skog og fjell, på skogsvegar og i kulturlandskap. Aud Kari Solheim som er dagleg leiar ynskjer oss velkommen til dagar fylt med aktiviteter og opplevingar.

Leirkomiteen

I komiteen sit i år som i fjor Inger Lise Kastås, Henry-Arnfinn Vangseng og Torhild Rogne Emdal. Etter en tøff dragkamp om namnet på årets leir er dei no i gang med planlegginga av aktivitetar og rare påfunn.

– Vi kan alt no avsløre at leiren vil by på olabilløp og stor sangglede. Vi arbeider mellom anna med kor, riding, gardsbesøk, fjellturer, brevandring og fisketurer m.m., seier Thorild Emdal.

Nærmare innhald og invitasjon vil bli sendt ut seinare. På nettsida, www.aktivitetsleir.no , vil det etter kvart kome meir informasjon, og har du ikkje vore på leiren før og vil sikre deg invitasjon, kan du ta kontakt gjennom nettsida eller kontakte Torhild på e-post: torhild.emdal@norpost.net.

Barn og voksne

Aktivitetsleiren har aktivitetar lagt til rette for alle aldersgrupper. Det er få barn/unge under 14 år som kjem utan følge av vaksne. Komiteen har begrensa tid til å passe spesielt på barn som reiser åleine. Dette må ein
som foreldre vurdere, det varierer sjølvsagt kor sjølstendige den enkelte er. Er du i tvil, ta kontakt med ein i komiteen.

Sett av tidsrommet 22-28. juli og gjer klar for nokre opplevelsesrike dagar!

No Comments Yet

Leave a Reply