fbpx

Ope møte med Torbjørn «Biri» Løkken i Hemsedal!

Møtet tek til kl. 15 og varar til rundt kl. 16.30 denne laurdag ettermiddag.

14. februar 1987 tok Torbjørn Løkken VM-gull i kombinert og vart nasjonen sin store helt.
31. oktober 2007 flytta Løkken heim etter 1 års rehabilitering som rusfri!

–    Alkoholmisbruk, køyring til pillerus. Heroinoverdose. Det er kleine greier. At eg sit her no….Det er eit under, seier Torbjørn Løkken til Menneskevennen.

Det var i desember 1986 at Torbjørn vinn sin fyrste verdscupsiger i Calgary. Han vinn enno eit renn. Han vert Norgesmeister og får kongepokalen. Det er noko som byggjer seg opp. Han byrjar å seile opp som ein av favorittane til VM i Oberstdorf. Han merkar presset.
-Eg lukta styret. Men den gong var eg knallhard og standhaftig, ubønnhørleg avviste eg dei som skulle forstyrre meg. Den vegen var min. Det ynskjet om å gjera det godt var veldig ibuande i meg. Ekte, seier ein engasjert Løkken. VM-gullet smakte godt. Han var heile 2 minuttar og 14 sekund bak teten etter hopprennet, før langrennet dagen etter. Han ligg på 19. plass. Men det er differansen opp til teten som er det interessante. Birin veit at det kan gå. Men det var få andre som trudde det. Han går ut i avsindig tempo. Han satsar alt på eitt kort no. Han et sekund for sekund, plukkar opp ein etter ein.

40.000 tyskarar heier fram sine eigne. Torbjørn nærmar seg Hermann Weinbuch i tet. Skal det verkeleg gå? Skal underet fyllbyrdast? ”Langsam Løkken. Bitte! Bitte!”, skrik tyskarane langs sporet. Torbjørn kan ikkje imøtegå bønene deira. Han er straks oppe i ryggen på Weinbuch, det fer så mange bilete og tankar gjennom hovudet hans. Dei norske sekundantane skrik opp i fjeset hans.
-Du klarar det! Du klarar det! Og Løkken greidde det!

I 1990 legg Torbjørn Løkken opp som idrettsmann. Og åra etter følger med alkoholhelvete og misbruk av dop og alkohol. I  2000 vert han lagt inn på psykiatrisk avdeling utanfor Hamar.
-Det måtte berre koma, seier Torbjørn stille.
Fleire gonger køyrer han i rusa tilstand, også på jobb er han rusa. Petidinen gjer han oppstemt, men også avslappa. I januar 2002 køyrer han av vegen. Torbjørn er rusa. Han mistar førarkortet for 2 ½ år. Han tek det svært tungt, og vert lagt inn på psykiatrisk att. Etter å ha vorte skrive ut, havnar han i kaos på nytt. Han får dom i tingretten. 18 dagars ubetinga fengsel. I tillegg til bota på 50.000,-. Han sonar på Slidreøya i Valdres i 2002. Og seier opp

jobben i legemiddelfirmaet. Han går over i jobb i Økokraft som marknadskonsulent der. Men rusingen held fram. Slik held det på år etter år. Drikking og pillemisbruket held fram.

Kl. 15.35, 31. oktober 2007: Hunden Greko hyler til han for siste gong. Det kjem ein siste mann for å seie farvel.
-Pass godt på deg sjølv, Torbjørn. No må du klare resten sjølv. Han tek farvel med kameratane sine på Renåvangen behandlingssenter og bestyrar Tore Moen.

Torbjørn er attende til Mjøsa og Biri. Livet smiler på ny. Akkurat slik dei gjorde då vintrane var på sitt aller beste i livet til Løkken. 26. april gler me oss til å møte Biriekspressen til ope møte i Hemsedal. Forøvrig vil varaordførar i Hemsedal kommune, Olav Støyten (KrF) halde velkomsthelsing.

Møtet er ope for alle og me ynskjer herved å invitere alle DNT-medlemmar og tillitsvalde over heile landet til Hemsedal denne dagen. Kjære fråhaldsfolk: Kom og høyr den sterke historia til verdsmeisteren og idrettsmannen Torbjørn ”Biri” Løkken!

No Comments Yet

Leave a Reply

Your email address will not be published.

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>