Nytt på nett

Ettersom det er fleire år sidan DNT.no sist fekk ei oppfriskning utsjånadmessig og teknisk, følte kontoret at det var no var på tide å lansere nye nettsider.

Dei nye sidene er utvikla i open kjeldekode, og inneheld mykje spennande funksjonalitet. Som tidlegare vil lag og distrikt i selskapet kunne ha eigne sider og oppdatere informasjonen på desse sjølv. I tillegg vil ein kunne leggje ut informasjon om komande arrangement på aktivitetslista.

Mykje av innhaldet på nettsidene er nyskrive, men noko har også vorte med frå dei førre sidene. Finn du informasjon som er udatert eller har andre kommentarar, ris eller ros til nettsidene, kan du sende ein e-post til organisasjonskonsulent Stian Seland på stian@avhold.no.

No Comments Yet

Leave a Reply

Your email address will not be published.

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>