fbpx

Mykje godt i Rusmeldinga

Generalsekretær i DNT, Harald Dyrkorn, er nøgd med mykje i Stortingsmelding 30 2011-2012 (Rusmeldinga).
Det er gledeleg at forebygging er klart vektlagt og at både redusering av tilgjenget til alkohol og av etterspørselen er nemnt i meldinga. WHO si påpeiking av at det er viktig med mange ikkjedrikkarar i befolkninga synest likevel ikkje å bli tillagt særskilt vekt.

Innsatsen til dei frivillige organisasjonane blir framleis verdsett som eit viktig bidrag til forebygging.

Det er gledeleg at ungdomsorganisasjonen vår, Juvente, har fått gjennomslag for ein betre kontroll med sals- og skjenkestader, trass i at slaget om 0200 førebels er tapt. Skjenkekontrollen, som Juvente har drive med årleg, blir lagt merke til, og følgt opp i meldinga, mellom anna med forslag om å innføre forskrift om nasjonale krav til reaksjonar ved brot på Alkohollova, rettleiing for god skjenkekontroll og fleire kontrollar.

– Meldinga innfører også omgrepet ”passiv drikking”, noko vi i DNT lenge har vore opptekne av, seier Dyrkorn. Passiv drikking er skader og problem som følgje av alkoholbruken til andre, også det at fulle folk skaper ambivalente og utrygge situasjonar i det offentlege rommet.

Det blir lagt opp til innhaldsmerking av alkoholhaldig drikk som eit forbrukarpolitisk tiltak. Åtvaring mot alkoholbruk på flaskeetiketten sit nok litt lenger inne hos norske styresmakter.  Meldinga seier at helseåtvaring på flaskene førebels ikkje er godt nok grunngjeve – trass i at Helsedirektoratet meiner det kan vere eit godt tiltak. Regjeringa vil kome tilbake til helseskademerking når ein ser kva som skjer i EU på dette området, heiter det i meldinga. Dyrkorn undrast på kvifor vi skal la EU bestemme over oss på dette feltet.

– Alt i alt er grunn til nøktern glede over meldinga, seier Dyrkorn, men framleis må vi diverre innsjå at alkoholkapitalen er i stand til å halde oppe ein kraftfull diskurs om alkohol som noko positivt knytt til fest og feiring og det å vere sosialt vellukka i det norske samfunnet.

L es hele meldinga her

No Comments Yet

Leave a Reply