fbpx

Lokkar hundrevis til toppane

geitnipa-20I meir enn 30 år har Jorunn Holsen og Kjellaug Hartveit sytt for å halde sambygdingane på Osterøy i aktivitet. På det meste har dei seld 600 kart til toppturar.

– Det har ete på seg år etter år, og vorte større enn vi nokon gong hadde sett føre oss. Eg veit vi har seld over 400 kart i år, fortel Jorunn, som har vore med sidan starten.

Osterøytrimmen blei starta av Gjerstad Fråhaldslag i 1985, med ti toppturar på Osterøy. Det var Ester Mehle som tok med seg ideen ho hadde fanga opp i Masfjorden, og Elvikstranda fråhaldslag. Jorun og Kjellaug involverte seg tidleg, og arrangerer i år den 32. trimmen.

God ballast

–Eg ser det som nyttig at folk kjem seg ut i naturen. Dei borna som kjem seg ut i naturen tidleg har ein god ballast med seg seinare i livet, seier Jorunn.

På ti toppar i kommunen heng det kvart år ein firkanta post, som ein kan vitja mellom 15. mai og 15. oktober. På baksida står eit nummer og ein bokstav, og når ein har vitja alle postane kan ein setja bokstavane saman til eit løysningsord.

– Alle som gjennomfører dei ti postane får ein brakjamedalje. Så trekkjer vi ut mange fine premiar bland alle som har delteke, fortel Jorunn. Born opp til åtte år får godkjend om dei fullfører fem postar, fortel Jorun. Litt av gulrota er fysisk aktivitet og frisk luft.

– Tilbakemeldingane er at folk synes det er kjekt at dei får sjå meir av kommunen. Spesielt dei som er nyinnflytta har stor nytte av trimmen, seier Jorunn.

Mange eldsjelar

Trimmen er lagt opp slik at det er fem mindre turar som pensjonistar og born kan klara, og fem lengre turar. Trimmen er populær bland folk i alle aldre.

– Men det er viktig å få fram at eg og Kjellaug ikkje driv dette åleine. Vi er mange om dette tiltaket. Somme av dei hjelper oss å setje ut postane, andre ordner andre ting, seier Jorunn.

Den 30. oktober kvart år er det avslutningsfest for trimmen, med føredrag om lokale prosjekt, appell og bognande bord med kaker som folk i bygda har bidrege med.

– Dei fyrste åra hadde vi festen i eit ungdomshus, men då det blei for trongt, flytta vi festen til skulen. Etter kvart blei den og for liten, og dei siste åra har vi hatt festen i Osterøyhallen, fortel Jorunn. Ho synes det er kjekt å få vera ein del av Osterøytrimmen, som er eit verdifullt folkehelsetiltak i kommunen.

No Comments Yet

Comments are closed