Edru Livsstil Osterøy
Edru Livsstil Osterøy inviterer kvart år til tur-orientering.
Postane til Osterøytrimmen ligg ute frå 15. mai til 15. oktober.
Postane er fine turmål. 5 postar er korte, lette og tilpassa små born. Dei andre postane byr på meir krevjande utfordringar.
Krava for å få premie er:
Born under 7 år og pensjonistar: 5 postar
Born 8–10 år: 8 postar
Andre må ha fullført alle postane
Osterøytrimmen har vore arrangert kvart år sidan 1985. Dei siste åra har det vorte selt 500 kart og dei fleste fullfører. Slik har laget fått mange til å verta kjent på Osterøy. Samstundes får ein profilert DNT- Edru Livsstil sitt arbeid på premieutdelinga.