fbpx

Ledig stilling: Prosjektleiar, Idrett utan alkohol

Idrett utan alkohol er eit aktivitetsprogram i regi av Det Norske Totalavholdsselskap og har i dag samarbeid med nokre av Noregs største idrettsarrangement. Programmet har no ei ledig stilling som prosjektleiar.

Aktivitetsprogrammet Idrett utan alkohol arbeider for at idretten skal vere ein alkoholfri arena.  Målet er at idretten skal vere alkoholfri på alle plan, og i alle samanhengar.  For å oppnå dette søkjer ein samarbeid med enkeltutøvarar, trenarar/leiarar, klubbar og arrangørar.

Til å leie dette arbeidet søkjer vi etter ein prosjektleiar i 80 prosent stilling som

  • er utadvendt og har gode kommunikative evner
  • er engasjert og kreativ
  • kan drive nettsidene til Idrett utan alkohol, og aktivt bruke sosiale medier
  • har gode samarbeidsevner
  • har erfaring frå organisasjonsarbeid

Det er ei engasjementstilling foreløpig fram til 31.12.2011 men med mulegheit for vidare engasjement. For nærare opplysningar, ta kontakt med generalsekretær Harald Dyrkorn, tlf. 47347859 eller Helge Brekke tlf. 97145628

Løn etter avtale. Søknad blir å senda til Det Norske Totalavholdsselskap, postboks 8885 Youngstorget, 0028 Oslo, eller harald@avhold.no, innan 9. september 2011.

No Comments Yet

Leave a Reply

Your email address will not be published.

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>