
Den offisielle stiftingsdagen
til DNT-Edru Livsstil er 29.12.1859 då 120 menn, kvinner og barn var til stades i Asbjørn Kloster sitt skulehus i Stavanger. Kvekaren og privatskulelæraren Asbjørn Kloster var då 36 år gamal. Han hadde henta idéen frå England, Irland og USA der totalavholdsabeidet alt var i gang.
Stavanger yngre Afholdenhedsforening kunne starta opp med 30 medlemer og Asbjørn Kloster vart vald til formann.
I 1875 vart DNT-Edru livsstil ein landsomfatande organisasjon under namnet, Det Norske Totalafholdsselkab, og Kloster var den sjølvskrivne leiaren frå starten av. Det vart oppretta kontor i Oslo, og medlemsbladet Menneskevennen kom ut.
Bakgrunnen
Asbjørn Kloster fekk syn for den menneskelege ulukke alkoholen førte med seg då han som ungdom arbeidde i faren si krambu og hjå andre handelsmenn i Stavanger. Der opplevde han ein sterk kontrast frå den vestlandske lekmannsrørsla av haugiansk type som foreldra hadde ein viss tilknytning til og livsstilen mellom byens embetsmenn og handelssosietet og det temmeleg lausslepte levesettet til sesongarbeidarar og tilreisande sjøfolk.
Etter kvart skaffa han seg boklærdom, og av kvekarane i byen og to engelske kvekarar som besøkte Stavanger i 1846 fekk den evnerike guten tilbod om eit lengre studieopphald i England. Det var heile tida språket han først og fremst studerte, men også teologi og kyrkjehistorie, og dessutan historie og engelsk samfunnsliv. Vel attende i heimbyen, tok han straks skritt til å realisera sin eigen privatskuleplan. Han tok til med 10-12 elevar og i slutten av 1850-åra hadde han over 100 elevar. Kloster var ein dyktig og målmedveten pedagog med strenge krav Men han var samstundes venleg og full av forståing for elevane. Heile tida arbeidde han vidare på si eiga utdaning, var fleire gonger i England og han held kontakten med venene sine. Gjennom brevskriving vart impulsar utveksla.
Den eldre fråhaldsrørsla
Den norske Forening mod Brændeviinsdrik og Det norske Afholdsselskab var begge imponerande folkerørsler som kunne skilte med mange kjente namn i medlemsstokken frå 1840-åra og utover. I 1855 oppga førstnemnde eit medlemstal på 30.000 og i 1860; 35.000. Etter kvart hadde dei ikkje påverknadskraft i høve til det store medlemstalet. Lina med det ufullstendige avholdsstandpunktet appellerte ikkje til komande leiarpersonar i samfunns- og kulturliv og vart dessutan avvist av akademisk ungdom. Denne mellomløysinga med å avvise brennevinsdrikking, men tillate øl og vin hadde ein for lengst gått bort frå i England og USA. I 1869 måtte Foreningen mod Brændeviinsdrik avslutte verksemda si.

Føremålet med organisasjonen, Det Norske Totalavholdsselskap
I innbydingsteksten til stiftingsmøtet i Stavanger sto det at det skulle opprettast ei forening som påla medlemene å halda seg borte frå brennevin, vin og øl.
Asbjørn Kloster utarbeidde «Regler og Bestemmelser» der føremålet og vilkåret for medlemskap vart slått fast i dei tre første paragrafane i lagsstatuttane. Dette er grunnprinsipp for alt seinare totalavholdsarbeid i Norge. Det var ei kompromisslaus kampline, for det var ikkje berre krav om personleg avvisning av alkoholhaldig drikk, men også eit forbod mot å by, gje eller selja alkoholvarer.