fbpx

Kan vi vera med og redusera valden som rusen fører til?

Massemedia har gjennom lang tid fortalt oss at natt til laurdag og søndag har blitt svært utrygg i Bergen. Det same er tilfelle i dei fleste byar og tettstader i Norge. Diverre vart ein ung bergensar utsett for slik vald natt til laurdag på ein pub i Stavern. Han døydde på grunn av slaga han vart utsett for. 

Det er i strøka rundt utestadane det ofte kan oppstå valdsepisodar. Etter kvart som det har vorte svært mange skjenkestolar i byen vår, har også valden som oppstår på grunn av rus ein får på grunn av alkohol, auka. Politi og helsepersonell kan fortelja at valden har blitt råare. Dei er også heilt klåre på at det er rusen som  oftast utløyser valden.
Byrådet og bystyret har ved fleire høve diskutert kva dei bør gjera for at byen skal bli tryggare fredags og laurdagskveldane og påfølgjande natt. Dette spørsmålet var oppe til drøfting i bystyret i Bergen måndag 19.oktober. Dei gjorde då fleire vedtak for å redusera skadane på grunn av vald utført av alkoholpåverka personar.

 

I siste nummer av ”Bergenseren” er rusførebyggjande arbeid hovudtema. Der seier m.a. byråd for helse og inkludering, Christine B. Meyer følgjande: ”Alkoholmisbruk er et stort samfunnsproblem, og fokuset på narkotika må ikkje ta oppmerksomheten bort frå dette….”

Diverre ser det ikkje ut som kommunepolitikarane både i Bergen og i andre kommunar tar konsekvensen av denne kunnskapen. Hadde dei brydd seg om denne fakta og lytta til råd dei får frå politi, helsepersonell, forskarar og tilsette ved Bergensklinikkene, hadde dei hatt verknadsfulle tiltak for å redusera valden.

”Alkoholmisbruk er et stort samfunnsproblem, og fokuset på narkotika må ikkje ta oppmerksomheten bort frå dette….”

Men sidan det ser ut som dei er redde for å strama til og bli meir restriktive, blir tiltaka dei vil bruka, lite effektive.
Då er det viktig at vi som er innbyggjarar i byen, engasjerer oss. Dersom vi tydeleg seier i frå at vi støttar bystyrerepresentantar som går inn for tidlegare stengetid og andre innstramingstiltak, vil bystyret kunna lukkast i å få ein trivelegare og tryggare bykjerne også nettene til laurdag og søndag. Politikarane
I Bergen burde ha fått med seg at 63% av bergensarane ønskjer at restaurantane skal slutta å selja alkohol tidlegare enn i dag.

Haldningar til rusmidlar. Kva skal vi formidla og korleis?

Arna/Bergen Fråhaldslag ønskjer å setja fokus på dette viktige temaet. Difor inviterte vi til eit ope møte om ”Haldningar til rusmidlar. Kva skal vi formidla og korleis?” Ungdomsprest Kenneth Foss innleia om dette spørsmålet. Møtet vert holdt i Ljoshall måndag 2.november.

KE, Kristenfolkets Edruskapsråd, skreiv i 2005 eit temahefte med tittelen ”Haldningar til rusmidlar. Kva skal vi formidla og korleis?”. Dei ønskte at sokneråd rundt om i landet skulle bruka tid på å diskutera innhaldet i det nemnde heftet.  Vi ville  gjera vårt til at temaet vart teke opp i sokneråda og bedehusmiljøa i Arna.  Dei vart difor spesielt inviterte til å vera med på møtet der tidlegare leiar i KE hadde sagt ja til å innleia om spørsmålet.

Kor store problem og vanskar må alkoholen skapa før fleire reagerer?

 Bygdanytt hadde også gitt oss god spalteplass der vi fekk høve til å omtala møtet og utdjupa bakgrunnen for kva vi ønskte å fokusera på. Diverre var det berre nokre få som kom frå bedehusmiljøa, og ingen frå sokneråda fann tid til å møta fram. 

Men vi som var med på møtet, fekk m.a. med oss følgjande:

  • Alkoholforbruket er dobla dei siste 10-15 år mellom ungdom.
  • Når forbruket aukar, aukar også skadane i samfunnet.
  • Hovudgrunnen til auken er lettare tilgang, pris, betre råd.
  • Media sin bevisste feilinformasjon.
  • Alkohol eit større samfunnsproblem enn narkotika.
  • Ca 200.000 born slit pga foreldra sitt alkoholbruk.
  • Ca 1 av 5 sjukehussenger er opptatt av menneske med alkoholproblem. (Langt fleire i Frankrike.)
  • Mykje av all kriminalitet i samfunnet vårt skuldast alkohol.
  • Minimum 12.000 kr av det vi betalar inn i skatt går med til retta opp i skadane alkohol har påført samfunnet.
  • Mange sjukefråversdagar pga av alkohol.

Dette er nok fakta sentrale politikarar og byråkratar har kjent til lenge. Difor kom regjeringa 24. sep. i år med eit framlegg til revisjon av alkohollova. Der vert det mellom anna føreslått å innskjerpa maksimaltida for skjenking av alkohol frå 03 til 02.  

Politi, helsepersonell og Bergensklinikkene har tidlegare ved fleire høve peikt på at dette vil vera eit viktig tiltak for å gjera byen tryggare fredags- og laurdagskveldar. Diverre har ikkje lokale politikarar til no følgd desse tydelege råda frå kompetente fagfolk. Det ser ut som dei lyttar meir til dei nærings-drivande og alkoholkapitalen.

Det må vera fleire enn fråhaldsfolk som reagerer på at den aukande alkoholomsetnaden fører til så mykje vald og problem. Difor er det på høg tid at både måtehaldsfolk og fråhaldsfolk reiser seg i eit opprop der vi ber lokale politikarar syna ansvar og gjennomføra innstramingar og tiltak som fører til ein tryggare by og mindre rusvald. Vi i fråhaldsrørsla stiller gjerne opp for å drøfta korleis vi kan  snu den negative utviklinga aukande bruk av alkohol skapar.

No Comments Yet

Leave a Reply