fbpx

Journalistikk i showa utgåve

Den folkekjære humoristen Linda Eide kan snakke på inn- og utpust om alt som har med språk å gjere. I mars kom ho til Sobra Scene i Avholdshjemmet i Ålesund for å snakka om språklege fenomen, kuriositetar og for å dele historier. Denne kvelden hylla og herja ho med vår språklege kvardag saman med pianist og komikar Sjur Hjeltnes som sørgde for musikalsk og verbal bækking av ypparste slag.

Tekst og foto: Marit Barene

Laurdagskvelden i Ålesund byrja med rulle-r, og når Linda Eide og sambygdingen hennar, Sjur Hjeltnes i ord og tonar fortel historia om korleis eit heilt folkeslag, nemleg franskmennene slutta å rulla på r-en, er det ei historie ein kjem til å hugse lenge. Paret leverer nemleg faktabasert kunnskap med stor K, og krydrar det med herleg og varm underhaldning.

Oppvekst på Voss

Begge sceneartistane vaks opp på Voss. Ho er forfattar og journalist, han er komikar og pianist. Sidan 2017 har Linda vore mest kjend som programleiar for programmet «Eides språksjov» der ho tek opp ymse språklege emne. Vossajenta delte raust av ord og ordtak under førestillinga på «Sobra Scene» i Ålesund denne andre laurdagen i mars. Det meste av manus er innøvd, men noko kjem impulsivt, som når Linda skryt litt av at Sjur og ho sjølv har stått på mange scener, men aldri på ei «so bra scene». Latteren rungar i salen, applausen med, og knapt ein av dei 250 gjestane blant publikum klarer å halde latteren inne når ho vidare siterer Kjartan Fløkstad med følgjande tankesetning: «Ho sette seg ved vindauga – men ho såg ikkje ut.»

Blokkfløyta må være med

Overgangen frå emne til emne, som historia rundt det «å plukke ei høne med nokon» og språkblomar frå Kjartan Fløkstad går elegant, og blokkfløyta er med i kvar overgang. Linda brukar sågar same blokkfløyte som ho spelte på på skulen då ho var lita. Men det er ikkje berre blokkfløyta som tryller fram vakre tonar denne kvelden, også pianoet og saksofonen byr seg fram – og det til vakre melodiar og allsong. Reint nostalgisk vert det når heile salen syng alle fire vers av «Den fyrste song», og dermed kan eg ikkje dy meg når eg treff Linda og Sjur på First Hotel Atlantica dagen etter for å gjere intervju, så eg spør Linda kva ho minnast som den flottaste augneblinken ho har att frå alle samtalane med mottro, mor hennar? – Dette var eit vanskeleg spørsmål, svarer Linda. Sjur kaster inn nokre forslag og ler, men Linda bit ikkje på agnet. Ho lyt ha tenkjetid. Dermed let eg Linda sitje og tenkje litt på mor si medan eg tek ein prat med Sjur.
Han fortel at dei to ikkje kjende kvarandre då Linda første gongen tok kontakt for samarbeid i 2014. – Samarbeidet byrja med «Grunnlovsjubileet 1814» der Linda hadde fått eit oppdrag om å presentere Noregs historie, «200 år på to timar – inklusivert pause». Då ho spurde meg, tenkte eg meg ikkje om ein gong. Eg sa berre straks «ja» og har aldri angra på det. Sjur skryt av kollegaen som han opplever det «veldig skoi å jobba med».
– Eg er jo komikar og pianist, men eg finn det skoi å jobbe med saker som er etterrettelege og samstundes underhaldande.

Sjølv om Linda sit og tenkjer i hotellkaféen denne kalde vintermorgonen, medan snøen fell ned frå himmelen utanfor vindauga, høyrer ho nok etter, for ho smiler av skrytet ho får frå sambygdingen.
Og nett då kjem det frå henne at ho har funne ein augneblink om mor si som ho vil dele. – Det var først etter at prosjektet om mottro var ferdig at eg fekk meir og meir sansen for mor mi. Ho hugsar at mora i byrjinga var imot prosjektet, og verken meinte det trengte å bli bok eller førestilling. Ikkje hadde ho lyst til å stå i rampelyset heller. – Men då boka kom ut, sette mor seg i godstolen med boka i fanget. Og det var då eg såg at ho sat der og knegga og lo når ho las sin eigen dialog at ho sa «dette var no ganske godt sagt.» Det er ein augneblink eg aldri kjem til å gløyme.

Kombinerer P2 og Las Vegas

Til tross for all latteren som rungar i veggane under Linda sine førestillingar, reknar ho seg ikkje som humorist, og i alle fall ikkje som komikar. – Eg har stor respekt for dei yrka, og eg liker å underhalde, men eg leverer faktastoff. Eg leverer journalistikk i «showa utgåve» og eg leverer etterretteleg og poengtert. Eg liker å lære bort noko på underhaldande vis, og kallar det gjerne faktamoro*. Eg er framleis journalist, men meiner det skal vere mogleg å kombinere P2 og Las Vegas.

Linda stiller på både scene og i fjernsynsprogram i slengbukse og blomstrande skjorte. Eg motar meg opp og våger å spørje Linda korleis valet av kledestilen kom til? Ho er rask til å svare at det først og fremst er ein stil ho likar. Valet er godt gjennomtenkt og gjennomarbeida, og det er ein slektning som gjer skreddarjobben.
– Tantebarnet mitt har drakt- og saumutdanning, og det er ho som har laga mal til skjortene mine. Ho syr kleda til meg med stoff eg gjerne kan plukke opp på reiser, seier Linda noko stolt og legg til at kleda samstundes er noko attkjenneleg i alt virvaret på scena.

Olsen Driver lever vidare som ein alkoholfri drink

Så er vi attende på Sobra Scene. Linda og Sjur spring raskt over scena og hentar eit bord dei set midt framfor publikum. Linda mimrar kort då ho som ungjente var fråhaldskvinne, og gjer publikum merksam på at det er DNT – Edru Livsstil som er arrangør denne kvelden. – Og kva passar vel betre då enn å mikse litt alkoholfritt?, spør ho. Kjapt kjem ei handskrive oppskrift opp på overheaden som lyser på den gule veggen bak scena. No er det «Olsen Driver» alt handlar om. Og medan Linda blander 3 cl. Rose’s lime juice med 5 cl. eplemost på augnemål tek ho publikum med til 1980.

– Den hausten hadde Statens Informasjonsteneste og Edruskapsdirektoratet sett seg føre å trappe opp kampen mot julebordspromillen. Nokre lyse hovud kom på ideen om å lansere ein alkoholfri drink. Og kva var meir naturleg enn å kalle drinken opp etter sjefen for utrykkingspolitiet? Publikum humrar, men veit ikkje heilt kva dei har i vente. Og medan 7,5 cl. Ingefærøl får plass i glasmugga saman med limejuicen og eplemosten, held Linda fram med historia om  Leif N. Olsen som var UP-sjef på 80-talet og korleis ein verdsmeister i drinkmiksing fekk oppdraget med å komponere nettopp ein «Olsen Driver».

Historia vil ha det til at staten satsa ein million kroner til å få bodskapen ut til folket. Og medan rikeleg med isbitar klirrar ned i glaset idet dei fell nedi mugga og Linda rører rundt, legg ho til  at det fungerte. – Sjeldan har ein statleg informasjonskampanje opplevd liknande suksess. Alle ville prøve den nye drinken.
Og då Linda fortel at nasjonen i løpet av kort tid gjekk tom for ingefærøl, står latteren nok ein gong i taket i storsalen på Sobra Scene. Ein skulle kanskje tru at historia er over med denne opplysinga, men når blokkfløyta ennå ikkje er framme, skjønar ein snart at historia held fram.

– Ein kan trygt seie at Olsen Drivaren berga produksjonen av norsk ingefærøl, kvitrar Linda smilande og legg til at liten etterspurnad på den tida, gjorde at fleire bryggeri hadde bestemt seg for å slutte å selje denne drykken. Men då Olsen Drivaren skylte innover landet, kjende bryggeria seg pressa til å halde fram produksjonen.

Latteren sit ennå laust, og når Linda opnar Farrisflaska og spør om nokon veit kor mykje «ein  dash» er, eller andre upresise mål som «ein slump» eller «ein skokk», kjem det sporenstraks frå ei mannsrøyst: «ein skokk er 60». Sjur slår ein akkord som for å bekrefte at svaret er riktig, og herremannen får sjølvsagt ei fortent applaus han og. Linda køyrer på med bekreftande informasjon om at 60 er ganske riktig, tre dusin er ein skokk – og det gjer ei ny meining i det å få «ein skokk med ungar». For n’te gong hyler folk i latter frå salen og historia får sin fortente applaus medan Sjur spelar ein avslutningstrudelutt og Linda har blokkfløyta på leppene.

Aktiv i fråhaldsarbeid i ungdomen

Linda var altså fråhaldsungdom og aktiv i fråhaldsarbeidet på Voss i tenåra. Når eg møter ho sundag føremiddag trekker ho fram bestefaren som eit flott førebilete. Han vaks opp med elleve sysken i eit lite hus. Heile familien var fråhaldsfolk, og bestefaren var særleg oppteken av arbeidspolitikk og edruskap. Det var likevel langt frå gledelaust i heimen av den grunn, og det kjendes godt som born at det ikkje fantes alkohol i huset hos besteforeldra.  – Eg har stor respekt for fråhaldssaka, og eg reagerer når eg til dømes høyrer om fyll i idretten slik vi ser under Holmenkollen Skifestival denne helga, legg Linda tydeleg til.

Vi fortset samtalen om barndomen. Allereie som lita jente likte Linda å skrive dikt, men mest likte ho å framføre dei. Som ung fann ho motivasjon i å ta tak i dei nære ting, og endå meir inspirerande opplevde ho å kjempe for nynorsken når ho vart vaksen og arbeidde som journalist.

Brenn for nynorsk og daglegtale

Nynorsken vart eit hjartespråk for Linda fordi det gjerne vert ignorert og somme tider også forbode. – Men eg vil ikkje berre at nynorsken skal være eit kulturspråk, og eg seier meir enn gjerne «Meir svineri på nynorsk!» og oppmodar til alltid å skrive handlelappen på nynorsk. Dermed er det ikkje til å undre over at ho har motteke fleire språkprisar.
Men det er ikkje berre nynorsken Linda brenn for. Ho elskar ord, uttrykk og ikkje minst historier. På scena er ho energisk, kunnskapsrik, og har publikum i si hule hand frå start til slutt. Men kvar kjem ideane og inspirasjonen til showa frå? – Eg har lært meg at det er lurt å skrive ned idear. Med andre ord tek eg «språknotatar». Det siste ordet eg noterte ned er «Krokodilletårer». Det er eit ord eg vil tyggje vidare på. Eg plukkar opp ord overalt i kvardagen. Det kan være når eg snakkar med folk, når eg ser på fjernsyn eller les ei avis. Eg er oppteken av språket som er rundt oss i daglegtala, og får lett idear. Noko kan brukast på scene, noko som tekst, noko på fjernsyn og noko kjem aldri til nytte. Men uansett, eg MÅ skrive dei ned. Linda ler lett, og Sjur med medan han bekreftar at Linda er god på å lage noko som er både moro og lærerikt på ein og same gong.

Som musikar både syng og spelar Sjur gjerne på scena, og sjølv om det er Linda som vert mest profilert på plakatane før eit oppdrag, har Sjur ei stor rolle i «Linda Eides Språkmoro». Han er dyktig på å få publikum med i allsong, og kvelden på Sobra Scene er ikkje noko unntak. «Kjerringa med staven» ljomar frå fullsett sal medan vossingen akkompagnerer lett og ledig.

Syng med den r-en du har

Linda ruller på r-en. Sjur har skarre-r. Og med fransk vokabular og franske tonar til songen «I did it my way», syng Sjur Claude Francois’ song «Comme d’habitude» med begge r-lydane om ein annan. Og det er då Linda legg til: Og begge r-ane er like vakre.

 

*Faktamoro eller funfact er morosam opplysning om noko som ikkje så mange veit.

 

 

 

 

 

 

No Comments Yet

Comments are closed