fbpx

Informasjonsmøte om dei ruspolitiske handlingsplanane i Bergen


5. november inviterer Arna/Bergen fråhaldslag til et møte der du vil få en innføring i dagens planer. Og du kan koma med spørsmål og kommentarar både til planane og praktiseringa av det politikarane har vedteke. Vi håper alle parti vil stille med representant.

Bergen byråd har vedteke ein ruspolitisk strategi og handlingsplan 2011-2016. Planen skal hjelpa til med å førebyggja at menneske i Bergen kommune blir rusavhengige. Dessutan seier planen at dei som er i aktiv rus skal få eit verdig helse –og omsorgstilbod. Rusavhengige skal også få hjelp til rehabilitering og behandling. I følgje planen vil kommunen ha stort fokus på tiltak i nærmiljø og i skulane for å hindra at born og unge blir eksponert for rus der dei oppheld seg.

Rune Tjøsvold som har skrive ruspolitiske handlingsplanar for Bergen, vil orientera både om den gjeldande planen og om prosessane fram til planane vert vedtekne.
Dette kan du få vita meir om i Ljoshall måndag 5.november kl. 19.00. Du vil også kunna koma med spørsmål og kommentarar både til planane og praktiseringa av det politikarane har vedteke.
Folkeakademiet Arna og Arna/Bergen Fråhaldslag ønskjer alle velkomne!

No Comments Yet

Leave a Reply

Your email address will not be published.

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>