
View Gallery
6 Photos
6 Photos
Gol Fråhaldslag arrangerte hyggekveld på Gol Bedehus 2. november.
Tekst: Tormod Skarsgard
Foto: Svein Granheim
Denne kvelden hadde me besøk av Jostein Sandsmark frå Geilo. Han synte oss ein fantastisk flott lysbilete-serie med tittelen “Ved foten av Hallingskarvet”. Der tok han oss med i alle fire årstidene – bilete frå fjell og bygder. Til slutt tok han fram fløyta – flott musikk.
Leiaren las dikt, og Ingrid Økesveen gleda oss med song.
Me song fleire fellessongar – utlodding med mange fine gevinstar og matkvil. Det vart ein svært triveleg kveld med 30 frammøtte.
Gol fråhaldslag har fått 14 nye medlemer i år.