fbpx

God hjelp på veg mot toppen

HAMAR: Langrennstalentet Kristian Græsli (21) drøymer om å verte ein av verdas beste langrennsløparar. Samstundes brenn han for at idretten skal vera ein friplass frå alkohol, og der sunne verdiar står i fokus.

Kristian Græsli21- åringen frå Lillehammer har gått på ski så lenge han kan hugse, og legg ned 800 treningstimer i året for å verte ein av verdas beste i sporten han elskar. Heile vinteren er han å sjå i skispora på Lillehammer, ved Sjusjøen eller Gåsbu, og ei vanleg veke består av 2-3 intervalløkter, 2 styrkeøkter og lange timar med terping og fokus på teknikk. Kristian Græsli drøymer om å gå til topps i eit versmeisterskap, ein draum han har tenkt å strekkja seg langt for å nå.

– Det er fascinerande og spanande å utvikla kapasitet og teknikk, slik at ein kan gå så fort som mogleg. Langrenn stiller krav til koordinasjon, rørsle, styrke og uthaldenhet. Det er dermed ei breitt spekter av kvalitetar som må utviklast, og som samstundes opnar for ein variert og spanande treningskvardag, fortel Græsli.

Idretten skal vera friplass

21 – åringen seier han vert inspirert av einarar, og av menneske som løftar idretten til eit nytt nivå.

– Samstundes ser eg opp til dei som viser gode haldningar og verdiar. Aksel Lund Svindal er eit godt eksempel på dette, seier Græsli. Sjølv har han vald å vera idrettsambassadør for Edru Livsstil og Idrett Utan Alkohol.

– Eg ønskjer å representera gode haldningar og verdiar. I mange samanhengar kan alkohol og idrett vera uheldig, spesielt der born og unge er til stade. Å skapa ein friplass der det er fokus på idrett og alle dei positive sidene ved den er viktig for meg, seier han.

Stolt ambassadør

I fjor vinter fekk han stipend av Edru Livsstil Hamar og Idrett Utan Alkohol, noko han er svært glad for.

– Eg er både stolt og takksam for stipendet frå Edru Livsstil Hamar og Idrett Utan Alkohol. Som forhaldsvis ung og ukjend idrettsutøvar er det fint at nokon ønskjer å hjelpa meg på vegen mot toppen. Stipendet vert nytta til å tilretteleggja slik at eg kan satsa på høgt nivå. Som langrennsløpar er det knytta ein del kostnadar til reising, treninger og samlingar som ein må ha med seg, seier Græsli.

Meir enn medaljejag

Førebels har sesongen 2017 vore bra, men Græsli håper å gå enno fortare seinare i sesongen.

Det gikk ikkje heilt som eg hadde håpa på i helga som var. Eg trudde eg skulle vera i ganske god form, men hadde diverre lite å stilla opp med både på sprinten laurdag og 3-mila på søndag, seier 21- åringensom mellom anna har junior NM- gull på merittlista. Han håpar å gå ein del fortare på Skandinavisk Cup til helga.

– Etter det er det NM del2 på Gålå, kor det skal vera 10. km skøyting og 5 mil klassisk, fortel Græsli. Personleg er han mest stolt av 5. plassen han fekk i Norgescupen og ein solid 10. plass i Scandinavisk Cup.

Sjølv om mykje handlar om medlajar og stoppeklokke, er det ikkje berre det som jagar Græsli ut med «plankar» under beina.

– Mine beste ski-opplevingar handlar om heilt andre ting. Om skareturar på fjellet der ein berre går innover vidda i strålande sol.

No Comments Yet

Comments are closed