Haustfest i Stavanger

View Gallery
10 Photos
Haustfest i Stavanger
Elsa-Olsen-Hagen-og-Sigmund-Kroslid_2

Elsa Olsen Hagen ble tildelt Klostermedaljen av Sigmund Kroslid

Haustfest i Stavanger
601

Tore Nærland var dagens talar.

Haustfest i Stavanger
594

Elsa Olsen Hagen og Hulda Drange fekk blomar frå laget

Haustfest i Stavanger
589

Harald Johnsen gjev blomar til Elsa

Haustfest i Stavanger
586

Elsa Olsen Hagen og Sigmund Kroslid med diplomane

Haustfest i Stavanger
588

Elsa Olsen Hagen takkar for gullmerke for 40 års DNT medlemskap og Klostermedaljen for gjævt arbeid i DNT (ho har vore medlem i 80 år!)

Haustfest i Stavanger
581

Elsa Olsen Hagen og Sigmund Kroslid

Haustfest i Stavanger
574

Hulda Drange og Sigmund Kroslid. Hulda har fått sølvmerke for 25 års DNT medlemskap

Haustfest i Stavanger
566

Sigmund Kroslid klar til å dela ut merker og medalje

Haustfest i Stavanger
565

Harald Johnsen , Astri Haaland og Hulda Drange

Salen i Totalen i Stavanger var fullsett då leiar i lokallaget Hulda Drange ønskte velkomne til haustfest. Festen vart opna med song akkompagnert på piano av Hulda og avslutta med utlodding. Harald Johnsen var møteleiar, og gjorde merksam på at det ikkje var mindre enn tre leiarar til stades på festen – Leiaren i laget, distriktsleiar og landsleiar.

Tekst: Astri Haaland
Foto: Hallgeir Grødeland

Leiar i distriktet, Astri Haaland takka Harald Johnsen for mange år som redaktør i medlemsbladet TRU. I hans redaktørtid har TRU fått både fargar og meir biletbruk. Hulda vart takka for fotografering til bladet.

Landsleiar Sigmund Kroslid var til stades for å gjera stas på medlemer som har engasjert seg lenge i rusførebyggingsarbeidet i Stavanger. Hulda Drange fekk DNT – Edru Livsstil sitt sølvmerke for 25 års aktivt arbeid i laget, og Elsa Olsen Hagen fekk gullnål med diplom for 40 års medlemskap.

– Men du må ikkje gå ned ennå, sa landsleiaren då Elsa takka for gullnåla og ville setje seg.

– DNT si høgaste utmerking er Klostermedaljen, og du fyller alle krav for å motta denne.
Elsa takka hjarteleg, og fortalde at laget er som hennar andre heim. Ho har vore medlem i 80 år, og er framleis aktiv på møta. Johnsen overrekte roser til begge jubilantane med gratulasjonar frå laget.

Etter servering fekk talar for kvelden, Tore Nærland ordet. Sjølv om han knapt kan sjå, har Nærland frå Bryne tråkka land og strand rundt – for fred. Det var lett å høyra at han brann for sykkelturane for fred som han står i spissen for. Det er det også andre som har merka seg, for i september i år fekk han kongens fortenestemedalje. Den sporty fredssyklisten er fråhaldsmann og sist han reiste med russisk fly fekk han til si overrasking vita at dei hadde slutta å servera alkohol på rutene til Skandinavia, Tyskland og Asia. – Det vart ein fredeleg og fin tur, sa han. Han avslutta med å oppmode om at det er viktig å arbeide for noko ein brenn for, og det er viktig å vera ei motvekt mot alkoholen.