fbpx

Halvparten av butikkene solgte alkohol til mindreårige

I dag har DNTs ungdomsorganisasjon sluppet tal som viser at 48 prosent av norske dagligvarebutikker solgte alkohol til mindreårige. – Den kommunale skjenkekontrollen funkar ikkje, seier Juvente-leiar Adrian Farner Rogne (22).

Før jul besøkte ungdomar mellom 14 og 16 år inn i 295 daglegvarebutikkar over heile landet for å teste om dei fekk kjøpt alkohol. Det fekk dei i halvparten av butikkane. 141 butikkar selde øl, rusbrus eller cider til ungdomane.

Det er kommunane som er ansvarlege for å kontrollere at butikkane ikkje sel alkohol til mindreårige. Leiaren av DNTs ungdomsorganisasjon Juvente meiner at kontrollane til kommunane er for dårlege og at kommunane må bli strengare overfor butikkar som bryt loven.

– For å få slutt på alkoholsalet til mindreårgie må kommunane ta av seg silkehanskene. Dei må skjerpe kontrollane av butikkane og inndra bevillinga når ein butikk blir teke i å selje alkohol til mindreårige, seier han.

– Regjeringa kasta også frå seg ei mogelegheit til å ta tak i dette då dei gjorde ei revidering av alkoholloven i vår. Eg vonar Helseminsteren no vil byrje å stille krav til kontrollane i kommunane. Det er ikkje bra at halvparten av butikkane slurar med alderskontrollen.

For meir statistikk og informasjon om kva butikkar som selde alkohol i din kommune, besøk www.skjenkekontrollen.no .

No Comments Yet

Leave a Reply