fbpx

Gripande møte med Torbjørn ?Biri? Løkken

Etter at årsmøtet til Buskerud DNT i Hemsedal 26.april var unnagjort, hadde prosjektet   ”Idrett utan alkohol” v/ leiar Tore Arnegard fått Torbjørn ”Biri” Løkken til eit ope møte på Helselagsstugu.

Image

Tore Arnegard (fylkesleiar Buskerud DNT / leiar Idrett utan alkohol, Torbjørn Løkken (verdsmeister i 1987 kombinert i Obersdorf) og Gudmund Julebø (dagleg leiar KRIK Høyfjellssenter i Hemsedal). Foto: Live Berg, Ål

Buskerud DNT, KRIK Høyfjellssenter i Hemsedal og prosjektet ”Idrett utan alkohol” stod som arrangørar. Det kunne ikkje skaffast nok stolar til alle frammøtte då varaordførar i Hemsedal kommune, Olav Støyten ynskte alle vel møtt og såg med forventning fram til møte med ”Biriekspressen”, som skulle fortelja si historie: Frå ”toppen  til botnen”, kan ein vel seia og vegen attende til livet og ei ny gullmedalje som rusfri.
 
Foredraget starta med at han viste fleire filmsnuttar frå sin idrettskarriere. Der han i 1986 tek sin første verdscupsiger i kombinert i Calgary. Ein får sjå han saman med kongen når han vert Norgesmeistar og tek imot  kongepokalen.

14. februar 1987 tek han VM-gull i Obersdorf i kombinert. Står med gullmedalje kring halsen medan ”Ja vi elsker” vert spelt, og det norske flagget går til topps.

I 1990 legg han opp som idrettsmann.  Og åra etter føljer med misbruk av dop og rus. 23. november i fjor var han gjest hjå Anne Grosvold på NRK, etter ein større reportasje i Dagbladet,  der han fortalde om sin 15 år lange kamp mot heroin, alkohol og anna dop.

Han makta berre ikkje viraken kring karrieren den no 44 år gamle Torbjørn Løkken, som er far til 3 kjekke barn. Han la stor vekt på kor rusmisbruk blant vaksne går ut over barna. Det var ei veldig gripande  og personleg historie han bretta ut for oss. Ærlegdom er viktig for å kjenna seg sjølv, og no hadde han vunne sitt viktigaste løp: Kampen mot rus. Han hadde teke Idrettshøgskulen, men gleda med idretten vart borte.

I 1991 vart han utdanna sjukepleiar. Karrieren der vart slutt då det var stutt veg til pillelageret i medisinskåpet på sjukehuset. Spranget mellom å stå øvst på sigerspallen med det norske flagget og til heroinsprøyta i armen var stor. Han visste ikkje om livet, ting skjer utan herredøme. Trudde aldri han skulle gjennom ein slik kamp då endeleg gutedraumen om å verta verdsmeister på ski, hopp i 90 meter bakke og langrenn verkeleg var oppnådd.

Opent og ærleg breidde han ut mange triste og fortvila historier han hadde vore gjennom. Fleire gongar køyrde han i rusa tilstand for å skaffa seg dop. Rusa bilførar med sine 3 barn som passasjerar og forlanga at hans 80 år gamle mor skulle kjøpa øl til seg.

I 2002 køyrde han av vegen, miste førarkort for 2 ½ år, får 18 dagar fengsel i Valdres, og 50.000 kroner i bot, vert innlagd på psykiatrisk avdeling nær Hamar.

I rein desperasjon knuser han den låste garasjedøra for å koma inn etter raudsprit han veit fins der inne. Det går i løgn og bortforklaringar. Mest løgn for seg sjølv, men også for sine næraste.

Den 15 år gamle sonen ringde far sin med spørsmålet: ”Veit du kva du går glipp av? Ver sterk no!” Han stod ovanfor to val.  Anten leva vidare eller som han sa; ”ikkje stå her”. Han stilte seg spørsmål, kva hadde skjedd? Hadde hatt ein god barndom heime på Biri. Var det blitslampa, medaljar, at alle ville spandera alkohol på helten som ikkje sa NEI?  Han ville ikkje skulda på andre. Laug for doktor for å få tablettar. Inn att til psykiatrisk behandling.

I dag kan han ikkje fullrosa opphaldet på Renåvangen behandlingssenter og styrar Tore Moen og samtalane der med likesinna. Han fortel om Thomas, den 18 år gamle guten med merker i armane etter heroinsprøyta som han vart ven med der. Thomas hadde også ADHD, men døydde 19 år gamal. Det tek tid å koma ut or det som Thorbjørn karakteriserar som ”eit helvete”, og stillte eit stort spørsmål ved å leggja rusomsorg ut på anbod for å spara tid.  Slikt arbeid tek lang tid. Det vil ta lang tid å verta ærleg mot seg sjølv. Å trøysta seg med rus når ting er vanskelig er å vera uærleg. Å verta avhengig  av alkohol og dop må vera ein sjukdom, for det er då heilt sjukt, som han sa, det å hamna opp i eit slikt uføre.

Noregs Skiforbund var vel uvitande om situasjonen hans, for det var ingen oppføljing derifrå. Heller ikkje hans langrennstrenar, Olav Eikrehagen som var tilstades på møtet, kjende til uføret Torbjørn var kome opp i.

Han avslutta foredraget med nokre filmsnuttar frå dagens situasjon, mellom anna der han forlet Renåvangen behandlingssenter med klem og gode ynskjer frå styrar Tore Moen.  Etter ståande applaus og takk, var det ei tankefull forsamling som drog frå Helselagsstugu i Hemsedal denne laurdag ettermiddag.

No Comments Yet

Leave a Reply