Eit trygt idrettsmiljø

10nyh_19-28-img_9623Norges Idrettsforbund og Stortinget (jmfr. St.meld. 30 “Rusmeldingen”) legg vekt på at idretten og andre møte­plassar for barn og unge skal vera trygge og alkoholfrie.

SIRUS anslår at 5-14% av barn i dag veks opp i familiar med risikofylt alkoholbruk. Dette vil då gjelda 20-55.000 unge medlemmer i Norges Idrettsforbund. For desse er det ekstra viktig med tryggleik og idrettsglede. Får dei det i idretten? For denne gruppa kan tryggleiken forsvinna om dei ser at trenaren har ein kasse øl i bilen, eller dersom lagkameraten sine foreldre drikk vin på campingplassen når dei er på Norway-cup.

– Totalkonsumteorien viser at jo meir alkohol som vert drukke i eit samfunn, desto fleire vil drikka meir enn forsvarleg. Me ynskjer sjølvsagt minst mogleg alkoholproblem i idretten, og dermed er det også viktig å redusere det totale forbruket, seier tidlegare prosjektleiar i Idrett uten alkohol, Birgitte Torbjørnsen.

Bli ambassadør
Å vera ambassadør for «Idrett Utan Alkohol» innebærer at du tør og vil profilere og ta til orde at alkohol er uheldig innanfor idrett, særleg der barn er til stede.Alle ambassadørar får tilsendt vår flotte treningsskjortemed bodskapen «ingen mening: – alkohol og trening» på ryggen og Idrett Utan Alkohol sin logo på brystet. I tillegg til å trene, konkurrere og vera edru sjølv, kan du bli med i eit nettverk av menneske som jobbar aktivt for å halde alkoholen borte frå idretten. Ambassadørane får tilbod om gratis startnummer til ulike idrettsarrangement. «Team Idrett Utan Alkohol» deltok på «Holmenkollstafetten i 2013, 2014, 2015 og 2016.
www.idrettutenalkohol.no

No Comments Yet

Comments are closed