Mitt namn er Marte Mandelid. Eg er oppvaksen i ei lita bygd som ligg ein halvtime utanfor Førde i gamle Sogn og Fjordane, men for nokre år sidan flytta eg til Bergen – og der blir eg nok. For å fortelje litt meir om meg sjølv kan eg gjerne begynne med at eg er prosjektleiar i Idrett Uten Alkohol, og brukar store deler av fritida mi til trening og friluft.

Noko som er nokså relevant er alderen min i skrivande stund; eg fyller 27 år i september, som for mange betyr at eg har studert både eitt og fleire år. Vidaregåande tok eg i Førde, deretter jobba eg som PT i omlag to år, før eg flytta til Oslo. Der skulle eg opprinneleg ta ei bachelorgrad i idrettsviteskap, men tre år blei til eitt. Kvifor skal eg fortelje om seinare. Uansett – eg flytta frå Oslo til Bergen, begynte på sjukepleien, og fullførte det studiet i fjor sommar.
Uansett, det var litt kort om meg. Grunnen til at eg skriv det her, er å fortelje om mi erfaring om korleis det var å ikkje drikke alkohol under studietida mi. Totalt sett har eg studert på «høgare nivå» i totalt 4 år. Eitt år i Oslo, og tre i Bergen.
Det er ikkje sånn at eg aldri har smakt eller drukke alkohol, men då eg gjekk på vidaregåande fann eg etterkvart ut at alkohol ikkje var noko eg ynskja å bruke verken tid eller krefter på. Eg har vore på fleire festar, har vore rusa, og for all del hatt det kjekt, men jo eldre eg blei, jo mindre fann eg alkohol interessant.
Tidleg på vidaregåande hadde eg ikkje veldig store interesser for verken trening eller eit «sunt» kosthald, men når desse to tinga blei viktig for meg fann eg ut at alkohol og trening gjerne ikkje gjekk så godt i lag. I andre klasse brukte eg mykje av fritida mi på trening og fysisk aktivitet, for det gav meg noko i lengda, og det blei då naturleg for meg å ikkje drikke noko særleg. Til slutt blei det berre slik at dersom eg skulle på ein fest, så køyrde eg. Ei veldig enkel unnskulding for å ikkje drikke, og for å ikkje måtte forklare alle kvifor eg var edru. Det var jo ikkje sånn at eg synst det var ekkelt å fortelje andre at eg ikkje drakk, men det blei etterkvart veldig slitsamt. Åra på vidaregåande dei gjekk, og eg fekk etterkvart jobb på eit treningssenter – og utdanna meg også til PT. Så ja, trening tok etterkvart ein stor del av kvardagen min.
Før eg fortset så vil eg avklare noko: Det var ikkje sånn at eg aldri smakte alkohol når eg gjekk på høgskule/universitet i Oslo og Bergen, men det skjedde berre ved eitt tilfelle begge plassar, og det einaste eg satt igjen med då var ein ekkel følelse. Og sånn sett er det enkelt å forstå kvifor. Eg satt igjen med ein ekkel følelse fordi eg gjekk i mot mine eigne verdiar, og fordi eg drakk alkohol for å gjere andre til lags. Det var sjølvsagt mitt val, og det var sånn sett ingen som pressa meg til å drikke, men forventningar og mangel på forståing gjorde nok at eg då ved desse tilfella drakk litt alkohol. Men – all erfaring er god erfaring – og no er det vel faktisk 3-4 år sidan sist fest.
Det var vel ikkje før eg begynte på Idrettshøgskulen i Oslo at det å ikkje drikke alkohol skulle bli ei utfordring, om eg kan kalle det det. Fadderveka kom først av alt, og blei ei reprise av russetida. Problemet mitt var at eg ikkje kjente nokon i Oslo frå før av, og det var få unnskyldningar for kvifor eg ikkje drakk. Det eg opplevde som veldig rart, det var at vi var så få som ikkje drakk alkohol. Eg hadde sett for meg mindre konsum og litt rolegare festar på Idrettshøgskulen, men for all del; det var ingenting som gjekk ut av kontroll og det var ingenting farleg som skjedde under denne fadderveka. Det var heller aldri sånn resten av året at det oppstod ubehagelege situasjonar eller liknande på ulike festar og samlingar, men for meg så blei det likevel for mykje fokus på at når det skulle skje ting så måtte alkohol vere involvert. For mange var det unaturleg å møtast utan konsum av enten det eine eller det andre. Til slutt så blei det slik at eg ikkje møtte opp på dei festane, og eg fann meg også vennar utafor studiestaden som hadde like – kall det verdiar – som meg. Då slapp eg unna spørsmål, «gode forslag», og mas. Gode venar er godt å ha, men eg skulle gjerne funne fleire av desse på NIH.
Det her skjedde òg då eg kom til Bergen. Til tross for at eg var ganske førebudd på det, vart det tre lange og litt kjipe år som student – i den settinga. Igjen begynte det med fadderveka; det blei mykje festing, null gode tilbod til studentar som ikkje ville drikke alkohol, og så vidare. Eg har aldri kalla meg sjølv avhalds, rett og slett fordi eg føler at når andre høyrer ordet «avhalds» så misforstår dei mykje. Eg har opplevd at mange trur eg mislikar dei fordi dei drikk alkohol, at eg er sterkt i mot alkohol og alt det fører med, og at eg på grunn av religion ikkje drikk. For meg har det å ikkje drikke alkohol handla om at eg rett og slett ikkje likar smaken, eg synst det fort det blir ubehageleg å vere rundt rusa personar, og eg synst det øydelegg for både glede og oppleving. Eg vil heller ikkje vere den som får andre til å føle seg ille til lags fordi eg er rusa, og gjer ting eg elles ikkje ville gjort. Samtidig skal eg ikkje skyva under ein stol det faktum at alkohol går negativt ut over trening. Det å då øydelegge all den tida eg brukar på akkurat trening, fordi eg skal ta meg ein fest – det gidder eg ikkje. Det freistar faktisk null.
Eg var nok ein av dei studentane som unngjekk studentarrangement fordi eg visste at alkohol kom til å vere involvert, og litt etter litt mista eg kontakt med omtrent alle eg gjekk i klasse med. Fordi det var jo ikkje berre på studentarrangement at alkoholen kom fram, men det skjedde jo elles óg i helgene og på fritida. Det blei difor slik at eg igjen fann meg gode venar utanfor studieplassen, for å sleppe unna mindre kjekke følelsar. Eg slapp å bli konfrontert gang på gang med kvifor eg ikkje drakk, og eg kunne invitere på tacokveldar der det blei servert Pepsi Max og ikkje vin – utan igjen å måtte forklare kvifor.
Akkurat det å ikkje drikke og det å stå for det, det har aldri vore noko vanskeleg for meg. Men eg kan forstå at det for enkelte blir det. For det er kjipt å ikkje bli invitert på ting – fordi du kanskje blir sett på som ein kjedeleg person – og det er synd at det å ha ulike interesser eller meiningar om ting skal føre til eit manglande vennskap eller mangel på det å kunne ha det kjekt i lag. Fest og fyll er jo normalen, og det var det i studietida mi også. Eg veit at eg hadde blitt meir inkludert dersom eg både trena mindre og heller festa meir, men kva hadde vel det gjort godt når det då ikkje hadde vore den ekte meg?
Studietida mi vart noko anna enn det eg hadde ynskja og kanskje venta, men samtidig sit eg ikkje igjen med ein dårleg følelse. Det er nettopp fordi eg ikkje gjekk i mot eigne verdiar, fordi eg fann glede i anna og hos andre, og fordi eg stod støtt i mine val. Det er lov å lure på kvifor andre tar andre val enn det du sjølv gjer, men ver litt varsam og still spørsmål ved rett tidspunkt. Det finnast ikkje noko meir slitsamt og irriterande enn å bli spurt om kvifor ein ikkje drikk, når personen som spør er på veg ned i vinflaske nummer to. Då blir det lite tid til skikkeleg forklaring og god refleksjon.
For deg som er ein av få studentar som vel å ikkje drikke, hugs at du aldri treng unnskylda deg sjølv for å avstå frå alkohol og for å vere edru, og du treng heller ikkje måtte forklare deg om du ikkje vil. Noko av det viktigaste med det å vakse opp handlar om å finne ut kven du sjølv er, ikkje kven andre forventar at du skal vere.
Sjå foredrag om dette på Youtube: