fbpx

Gratulerer med kvinnedagen!

Elisabeth Edland – Målkvinne og aktivist for fråhaldssak og kvinners rettigheiter var ei kvinne med stor K

Elisabeth Edland hadde i 1894 vore med på å kjempa ei viktig nasjonal kampsak fram til siger på Stortinget med brennevinsloven. Loven slo mellom anna fast at omsetting av brennevin skulle leggjast inn under samlag i byane. For Elisabeth og for den nasjonale fråhaldsrørsla var det viktig at alle kvinner skulle ha stemmerett på like fot med mennene i slike saker. Dette var lenge før kvinner fekk politisk stemmerett.

For 145 år sidan vart Elisabeth Christine Edland fødd på Mosterøy i Rennesøy kommune. Sjølv om bror hennar, Kristian Edland vart stortingsrepresentant, er Elisabeth den mest kjende av søskenflokken på seks. Kven skulle tru at den vesle jenta vart lærarinne i heimbygda, 16 år gamal, eller at ho vart ein landskjend reisetalar og skribent for fråhaldssaka, kvinnesaka og målsaka lenge før kvinnene vart politisk myndige?

I ni år, frå 1892 til ho døydde i 1901, reiste ho over heile landet, som tilsett reisetalar i Det Norske Totalavholdsselskap DNT.

Granittbauta

Ein åtte meter høg granittbauta ruver på den vesle kyrkjegarden Askje og gjer eit mektig inntrykk. Kven kunne tru dette er eit minnesmerke over ei ung kvinne? Bautaen på grava, eit resultat av ein nasjonal innsamlingsaksjon i regi av DNT, vart avduka i 1903. Om lag 2 500 menneske var samla ved avdukinga av bautaen i 1903. På kyrkjegarden framførde ein kvartett songar skrivne spesielt til Elisabeth Edland. Forfattarane var Per Sivle og Anders Hovden.

Innsamlingsaksjonen til bautaen hadde starta 3. februar 1903 i medlemsbladet til DNT, ”Menneskevennen”. Mellom 30 000 og 40 000 personar gav pengar til bautaen. Dette var truleg den første, store folkeaksjonen i Noreg som engasjerte både vanlege kvinner og menn. Kvifor dvele ved gravferda og ved avdukningsseremonien?
Jo, faktum er at rammene rundt desse to seremoniane i 1901 og 1903 og den store folkemengda var ganske uvanlege i samtida. Dette var nemleg gravferda til, og avdukinga av ein bautastein over ei ung kvinne, ikkje ein kjend mann! Kven var denne kvinna som døydde 32 år gamal i 1901?

Yrkeskvinne i ei nasjonal blomstringstid

I 1890 vedtok Stortinget ein lov som gav kvinner som ønskte det å velja læraryrket. Då loven kom, hadde Elisabeth Edland vore lærarinne i heimbygda i fleire år. Lærarinnetida var interessant for Elisabeth, og skulekurset ho tok i 1884 gjorde henne til ein ivrig tilhengar av det nye landsmålet. Berre eit år seinarere jamstelte Stortinget nynorsk og bokmål som skriftspråk i landet vårt. Kurset nørte også dei historiske og nasjonale interessene hennar.

Ungdomstida til Elisabeth fall og saman med ei rik nasjonal blomstringstid for demokratiet i Noreg. Det nystifta partiet Venstre fekk fleirtal i Stortinget i 1882, og stemmeretten for menn vart utvida same året. Dei mannlege lærarkollegaene til Elisabeth fekk då stemmerett, så sant dei betalte skatt på ei årleg minsteinntekt på kr 500.
Norsk Kvinnesaksforening vart stifta i 1884 og Kvinnestemmerettsforeningen i 1885. I 1888 vart kvinner og menn likestilte i ekteskapet, og i 1890 behandla Stortinget for første gong spørsmålet om stemmerett for kvinner. For Elisabeth starta no ein ny periode i livet hennar, og i 1892 slutta ho som småbarnslærarinne på Mosterøy og vart reisetalar for DNT.

Folketalar for fråhaldssaka, målsaka og kvinnesaka

I 1894 hadde Elisabeth Edland vore med på å kjempa ei svært viktig nasjonal kampsak fram til siger på Stortinget med brennevinsloven som slo fast at omsetting av brennevin skulle leggjast inn under samlag i byane, og at lokale folkeavstemmingar skulle avgjera kva byar som skulle ha samlag. For både Elisabeth og for den nasjonale fråhaldsrørsla var det viktig at alle kvinner skulle ha stemmerett på like fot med mennene i slike saker. Dette var lenge før kvinner fekk politisk stemmerett. Elisabeth kjempa for denne saka i talar og på føredragsturnear over heile landet, sjølv om det var langt frå ei opplagt sak at kvinner skulle ha stemmerett i slike lokale folkeavstemmingar.

For Elisabeth Edland var dette andre gongen ho kjempa for at kvinner og menn skulle ha same rettar. Første gongen var då ho engasjerte seg i DNT.
Då kvekaren Asbjørn Kloster stifta organisasjonen DNT i Stavanger i 1859, var lik stemmerett for kvinner og menn i organisasjonen sjølvsagt for han. Etter at han døydde i 1876, endra leiande menn i organisasjonen på dette.

Kvinneleg reisetaler

Portrett Elisabeth Edland
Elisabeth Edland kvinne med stor K.

Elisabeth Edland vart blant dei første medlemmane då det vart stifta ei fråhaldsforeining på Mosterøy i 1886. Ho var berre 19 år då ho heldt den første talen sin i foreininga, og to år seinare vart Elisabeth utpeika som lokal utsending til eit krinsmøte i Time kommune kor ho heldt eit vektig innlegg under ein debatt om kvinnestemmeretten i organisasjonen som gjorde så stort inntrykk på den seinere biskop Peter Hognestad at han bad Elisabeth om å arbeida for fråhaldssaka. For Elisabeth var dette ei oppmuntring, og ho vart talar på møte og stemne rundt om i Rogaland på oppdrag av Stavanger krins av DNT.

På den tida var ein kvinneleg reisetaler ein sensasjon. Ho møtte også motbør av den grunn, men Elisabeth vann fram, som ved gjeninnføringa av stemmerett for kvinner i DNT i 1892. Same sommaren talte Elisabeth på landsmøtet til DNT i Halden. På den tida var DNT ein av dei store frivillige landsorganisasjonane med ein markant leiar i venstrepolitikaren og stortingsrepresentanten Sven Aarrestad, som var ein av dei som oppmoda henne til å seia frå seg lærarinneposten i heimbygda for å arbeida for fråhaldssaka på heiltid. Elisabeth samtykka og tok steget bort frå det trygge heimemiljøet då ho var 23 år gamal.

Må ha vore sterk, både fysisk og psykisk

I dei neste ni åra var ho stadig på farten som reisesekretær i DNT. Heile landet vart arbeidsfeltet hennar og ho stifta ei rekkje nye lag. Elisabeth engasjerte seg også på andre område, i målsaka, fredssaka og om kvinnene sin rett til full likestilling. Til aviser og organisasjonsblad skreiv ho mange reisebrev og artiklar, også om heilt andre emne, til dømes om skogplanting.

Kampen for kvinnestemmeretten hadde i Elisabeth Edland ein aktiv og engasjert forkjempar. Ho hadde verka til at kvinnene fekk stemmerett på lik fot med mennene, både i DNT og ved samlagsavstemmingar i byane. Sidan vart det den politiske stemmeretten som stod for tur. I mai 1899 heldt ho føredrag på møtet i Stavanger Kvinnesaksforening om stemmerett for kvinner. Stavangerkvinnene og Elisabeth hadde ulik sosial bakgrunn, men felles mål. Elisabeth fekk oppleva Stortingsvedtaket om avgrensa kommunal stemmerett for kvinner den 29. mai 1901. I desember same året døydde ho.

Kanskje har ikkje Elisabeth Edland fått den plassen ho fortener i den nasjonale historia? Dette såg me særleg i fjor i stemmerettsjubileumsåret 2013 der kvinner frå borgarmiljø i byane dominerer i nye bøker og artiklar om temaet.
Mosterøykvinna Elisabeth Edland samla langt større folkemengder til dei mange føredraga og talane sine enn nokon av desse, så kvifor har ikkje Elisabeth fått større plass i historiebøkene våre? Det spørst om ikkje dette har med interesseområda og kampsakene hennar å gjera.
Korkje kvinnesak, fråhaldssak eller målsak fenga dei mennene som skreiv historiebøkene våre på 1900-talet. Men bautaen på grava skal ha vore den første store minnesteinen i Norden som vart reist for å heidra ei kvinne, og både bautaen og relieffet på bautaen vitnar om at Elisabeth Edland må ha vore ei uvanleg kvinne.

DNT gratulerer alle kvinner med dagen i dag!

No Comments Yet

Leave a Reply