fbpx

Då opposisjonen var ute etter togsprit

Tekst: Terje Vindenes

I Aftenposten 26.05.05 sto oppslaget om 1,2 millionar tapte arbeidsdagar på grunn av alkohol. Avisa viser til forskar Roar Gjelsvik ved Rokkansenteret i Bergen som har rekna på det alkoholen fører med seg av tapte arbeidsdagar og kva dette kostar produksjonen: Fakta er at mellom 1.2 og 1,3 millionar arbeidsdagar går tapt, og for produksjonen åleine kostar dette mellom 1,5 og 1,7 milliardar kroner.

I tillegg presenterte Gjelsvik òg tal for kor mange i yrkesaktiv alder som døyr av alkohol-relaterte årsaker, og i 2001 døydde 378 personar i yrkesaktiv alder i Noreg som ei direkte fylgje av alkohol.

I desse tider når det meste skal målast i pengar, enten det er helse eller sosial omsorg, så skulle ein tru at dette var noko alle, presse og politikarar, skulle hiva seg over. Ikkje minst NHO, helseminister og moderniseringsminister som meiner dei er opptekne av eit kostnadseffektivt samfunn. Men nei, det vart heilt stilt etter oppslaget – heilt dørgande stilt.

Men det var slett ikkje stille tidlegare i mai då NSB ikkje fekk selja skattefri sprit. Då rigga Dagsrevyen opp manesjen, og alle svinga seg meir enn villig for billigare togsprit. NSB slapp til i aviser og fjernsyn med klaga si, og Dagsrevyen tok seg ein tur til Göteborg for å spørja om passasjerane kunne tenkja seg billigare alkohol, og det kunne dei sjølvsagt. Billeg togsprit vart eit mediekrav, og alle opposisjonsparti var på banen; Arbeidarpartiet, Fremskrittspartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Alle ville bøta på denne store uretten og her skulle ein samla opposisjon tvinga den arrogante regjeringa i kne. Til og med Øystein Djupedal sto fram og fortalde kor viktig dette med skattefri togsprit var for ferdafolket. Dette var tiltaket som skulle redda NSB i konkurransen med SAS.

Unge Høgre fekk tidlegare i vår liknande oppslag på framlegget sitt om sprit til ungdommen, no fekk opposisjonen svinga seg i beste sendetid om skattefri sprit for passasjerar mellom Oslo og Göteborg. Det ser ut som det no berre er KRF som ikkje brukar alkohol som valagn, og det kan faktisk sjå ut som resten av partia meiner at dei kan "kjøpa" veljarar med billegare sprit.

No Comments Yet

Comments are closed