fbpx

Bli med på Osterøytrimmen!

Osterøy Fråhaldslag inviterer kvart år til tur-orientering.

Postane til Osterøytrimmen er no lagt ut, og 2. pinsedag, (25. mai) inviterer trimkomiteen til trimsamlinga på post 1. Her vert det appell, musikk og pølsegrilling på Dalaplass.
Dalaplass er ein gamal husmannsplass, og ein får vite meir om plassen og folket som budde der på trimsamlinga.

Postane er fine turmål. 5 postar er korte, lette og tilpassa små born. Dei andre postane byr på meir krevjande utfordringar.

Krava for å få premie er:
Born under 7 år og pensjonistar; 5 postar
Born 8 -10 år; 8 postar
Andre må ha fullført alle postane

Osterøytrimmen har vore arrangert kvart år sidan 1985. Dei siste åra har det vorte selt 500 kart og dei fleste fullfører. Slik har laget fått mange til å verta kjent på Osterøy. Samstundes får ein profilert DNT-arbeidet på premieutdelinga.

Tida for trimmen er frå 15. mai – 15. oktober.

 

GOD TUR! 

 

No Comments Yet

Leave a Reply

Your email address will not be published.

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>