fbpx

Andreas Håtveit støttar Idrett utan alkohol

I vinter takla Håtveit presset og køyrde inn til gull i skifinalen i slopestyle under X-games i USA. 21- åringen har imponert i vinter. Håtveit er ei superstjerne i fristilsirkuset på ski.

I desse dagar inngår Håtveit samarbeidsavtale med prosjektet Idrett utan alkohol v/ prosjektleiar Tore Arnegard. Håtveit skal mellom anna reklamere for idrett utan alkohol på hjelm, trenings- og konkurranseski, samt tone flagg og marknadsføre prosjektet i media. Idrett utan alkohol sponsar Håtveit og har inngått 1 års avtale med webannonse på skifilm.no, som broren Jon Håtveit driv.

Andreas Håtveit skriv følgjande om problematikken idrett og alkohol:

Eg støttar prosjektet Idrett utan alkohol. Idretten som ei alkoholfri sone er viktig. Dei fleste som driv aktiv idrett er born og ungdom. For desse er det spesielt viktig at idretten og idretten sine frontfigurar lokalt og nasjonalt står som berarar av sunne verdiar og gode haldningar, mellom anna i forhold til rusmidlar.Idrett og alkohol høyrer ikkje saman. Eg støttar Norges Idrettsforbund og Den Olympiske Komite sitt vedtak frå 1998, som seier at idrettsorganisasjonane skal arbeide mot alkoholforbruk i idrettsleg samanheng. Sjølv er eg fråhaldsmann og er stolt av å vera det, seier Andreas Håtveit til Det
Norske Totalavholdsselskap.      

No Comments Yet

Leave a Reply