fbpx

Alkohol, politikk og stortingsvalet

 Av:Terje Vindenes

Framfor Stortingsval er det mange saker oppe i media, og nokre av desse sakene avgjer om parti får framgang eller ikkje. Oppspelet om togsprit på svensketoga var eit slik utspel, og her såg det ut som alle opposisjonspartia vona på stemmevinst med skattefri sprit over Kornsjø. Her såg me alliansen mellom media og politikarar spela i ei billigspritsak, både journalistar og politikarar fekk åtgaum, ingen kritiske spørsmål, og alle får vist seg fram.

Saka om togspriten er nok ikkje den siste i sitt slag. Bortsett frå dette med billigare alkohol, og kanskje eit tilfeldig blikk på dei heilt rusutslåtte, så kan det sjå ut som alkoholpolitikken ikkje er den store valkampsaka. Når det gjeld slike oppslag så er det mest interessant å merka seg kva spørsmål som ikkje vert stilte.

Frå samfunn til individ

Alle forhold har både individperspektiv og samfunnsperspektiv. Det er ein overtydleg samanheng mellom høg fart på vegane og stygge ulukker med bil, og derfor er det enno ikkje noko parti som vil avskaffa fartsgrenser og fartskontroll, og eit stort fleirtal av partia er samde om klare bøter for bilførarar som bryt fartsgrensene. Dette er samfunnsperspektivet. Som individ er det mange av oss som meiner me kan bryta fartsgrensene utan at det skulle få negative fylgjer for oss sjølve eller andre, me har erfaring med å bryta fartsgrenser. Det går stort sett greitt, då bortsett frå dei gongane me hamner i radaren. Men om ein skulle føra denne individlogikken over på samfunnspolitikken vil det gå gale. Om Stortinget skulle auka fartsgrensene med 10 til 20 km over heile lina, det dei fleste av bilistindivida har levd greitt med fleire gonger, så ville me fått ein dramatisk auke i trafikkulukkene på vegane, både dødstal og invalidisering.

No er det slik at ingen av oss er særlege glade for å måtta betala restskatt og heller ikkje betala fartsbota når du som bilist vert registrert med for stor fart. Likevel er det slik at dei fleste av oss innser at om samfunnet skal ha skatteinntekter, må ein ha skattekontroll. Og om me skal vera rimeleg trygge på vegane, må ein ha fartskontroll.

I alkoholpolitikken er me no vitne til eit perspektivskifte, frå samfunns- til individperspektiv. Først og fremst i valkampen, men òg i praktisk alkoholpolitikk. Ein viktig del av framgangen til Fremskrittspartiet botnar i menn som ville ha lettare tilgang på alkohol, og no kan det sjå ut som andre parti fylgjer etter. Det gjeld partia Høgre og Venstre. Høgre vil selja sprit til ungdommen og vil la vin bli daglegvare. Venstre vil ha vin i dagleghandelen der det ikkje er Vinmonopol. Dette er valkamputspel. Det viser at desse partia meiner at det er veljarar å henta på lettare tilgang på alkohol, og om denne politikken skulle bli sett ut i praksis, ville det vorte slutten på Vinmonopolet som eit effektivt alkoholpolitisk verkemiddel. Då ville det berre hatt brennevinet att, og me ville fått nokre få brennevinsutsal i store byar, folk vil måtta reisa langt for å tak i sprit, og deretter ville det ikkje vera lenge før me òg fekk spriten ut i butikkane, som det no er i Danmark.

Kva spørsmål skal ein stilla til politikarar som så gjerne vil gje oss meir alkohol? Kanskje spørja dei om dei veit kor mange born som opplever vald i familien. Om dei veit at det er 100 000 ungar som opplever dette i dag. Om dei trur dette har noko med alkoholbruk å gjera? Om dei enno vrir seg unna, så kan spørja dei om dei veit at den registrerte familievalden i Finland auka med over 20 % rett etter halvering av spritavgiftene.

Til å stola på

I alkoholpolitikken er det faktisk berre to parti ein kan stola heilt på, det er Fremskrittspartiet og Kristeleg Folkeparti. Fremskrittspartiet har so langt sanka stemmer med å lova mest mogeleg alkohol til billigaste pris, og det har vist seg at mange kan tenkja seg det. Alle som bryr seg om fylgjene av ein slik politikk, veit at dette fører til maksimale skader for individ og samfunn. Men dette er fakta som ikkje betyr noko for Fremskrittspartiet. Når dei vert konfrontert med seriøs forsking, så avviser partiet den med å sei dei ikkje har tiltru til denne forskinga.

Kristeleg Folkeparti er å stola på i alkoholpolitikken. Partiet har langt tradisjon for ein seriøs og ansvarleg alkoholpolitikk, og når det argumenterer for den, så tek dei fram relevant forsking og dokumentert kunnskap om samanhengen mellom alkohol og skadar. På den måten held partiet fram der Arbeidarpartiet slapp på 70- talet. I denne regjeringa har KRF fått samarbeidspartia til å føra ein akseptabel alkoholpolitikk; ingen konsesjonar til Fremskrittspartiet, og Høybråten har eit høgt truverde når det gjeld å føra ein optimal alkoholpolitikk. Den politiske kraft han viste når det gjeld innføring av røykelova borgar for det. Det er grunn til å tru at KRF vil halda fram i denne rolla om denne trepartiregjeringa held fram etter valet.

I valkampen har me alt sett at opposisjonen stiller opp for togsprit frå Sverige til Noreg, etter at regjeringa hadde avgrensa skattefri sal av alkohol til flyplassar og ferjer. Her sto heile opposisjonen i kø og var gråtekoner for NSB som ikkje fekk selja avgiftsfri alkohol på tog frå Sverige. Kva om SV, Arbeidarpartiet og SP får regjeringsmakta? Sannsynlegvis vil dei føra den same politikken som dagens regjering, men det er ikkje sikkert. Desse tre partia har ført ein rimeleg ansvarleg alkoholpolitikk, partia grunngjev politikken sin på dokumentert kunnskap om alkohol og samfunn, men ingen av desse partia har denne saka som ei ideologisk fanesak, så me kan ikkje sjå vekk frå at ei slik regjering let passasjerar frå Göteborg ta med seg avgiftsfri sprit. Så to påminningar til slutt: Når me som avholdsfolk deltek i valkampen, så argumenterer me ikkje for oss sjølve, det er ikkje avholdsfolket som først og fremst vert råka når alkoholkonsumet stig. Det andre me skal vera klar over, er at det er ikkje den restriktive alkoholpolitikken som har skapt fylla, men det er fylla som har fått ansvarlege parti til å føra ein ansvarleg og vellukka alkoholpolitikk i Noreg.

 

No Comments Yet

Comments are closed