fbpx

Agora – kampen om den kulturelle møteplassen

Den kulturelle møteplassen finn vi der folk møtast. Fråhaldsrørsla saman med dei fleste store folkerørslene gjorde nettopp kulturarbeid til sitt store varemerke på slutten av 1800-tallet. Kan dette igjen bli vårt varemerke?

– Midt på 1990-tallet gjorde DNT eit grunnlagsarbeid for å kunne satse på utvikling av rusfrie møteplassar, samværsformer og samværskultur, seier Harald Dyrkorn. Det blei, saman med eit forskarmiljø i Bodø, gjort eit dokumentasjons- og ideutviklingsarbeid som DNT no tar tak i og vidareutviklar gjennom eit prosjekt som har fått namnet Agora.

Agora kom i gong i 2003 der ein etter avslag på statsstøtte sende inn klage om fekk midlar til forprosjekt. Hausten 2003 samla vi eit tjuetals personar som var interesserte i å vere med vidare i lokalmiljøa sine. Etter ein søknadsrunde og møte med direktoratet fekk vi prosjektmidlar også for 2004. No gjer ein klart for den andre samlinga for kulturentreprenørane i Agora.

Kjernegruppe

Helga 22.-24. oktober møtast eit tjuetals kulturentreprenørar på Hotel Arena i Lillestrøm. Saman med prosjektmedarbeidarane og styringsgruppa, skal ein her sette den offisielle starten på prosjektsamarbeidet. Nokre er allereie i gang, andre er i startgropa. Fokuset er aktivitet for unge vaksne. I Arna, utan for Bergen, har avholdslaget hatt utadretta arrangement i heile år og skal i haust blant anna ha konsert med Jan Eggum, dansekveldar og kulturkveldar. Aktivitetsleiren vart i år gjennomført på Lifjell i Bø, med over 60 deltakarar. Alt dette med suksess. I Våler i Solør held Roger Bonsak, leiaren i Amcar miljøet i området, på med å planlegge opningsarrangementet for 50-talls butikken og kafeen "Route V8". I Kristiansand jobbar to jenter med å få starta opp ei teatergruppe. I Oslo jobbar ein med å få ein kafé med kulturtilbod på plass. I Sykkylven har ein kome i gang med aktivitetskveldar, dei jobbar og med ein stor sjørøverfest som skal gå av stabelen i haust.

Iscenesetting

Men er det mogeleg å skape rusfrie møteplassar i ei tid då alkohol er normalisert og eit symbol på å være vellukka?
– Her må vi tenke breitt og utradisjonelt. Vi har for det fyrste dei gode gamle oppskriftene som f. eks. Morten Vaagen spelar på gjennom "Syng, spell og fortell". Han har ikkje gjort noko anna ein den enkle genistrek å lansere på nytt noko som har hundreårig tradisjon her i landet. Folk møtast, syng og fortel til kvarandre, drikk kaffi og pratar saman. Det visar seg at det er eit stort behov for slike møteplassar. Dei same folka kjem igjen gong etter gong. Det gjeld å finne nye vriar, gje det ein fasong som passar med vår tid, så samlar det folk i massevis.
I DNT sine hefte frå 90-tallet finner vi idear til blant anna fellesfrukostar og akefest. Vi veit mellom anna at DNT-folk på Sørlandet har opna idrettshallen i bygda for fotballturnering nattetid i helgane, heilt sikkert eit utmerka rusførebyggande tiltak. Det handlar mye om tilrettelegging, om å finne nye og overraskande måtar å sette i scene samvær mellom menneskjer på. For dette handlar verkeleg om iscenesetting. Det gjeld å gjere det slik at alkoholen blir unaturlig, at den ikkje får noen sjølvsagt plass. Og så handlar det om plass, om fysiske møteplassar. DNT og andre organisasjonar har eigne hus mange plassar i landet. Nokre av desse kan utviklas til å bli attraktive rusfrie samlingsplassar.

Men det er dei vel allereie?

– Nokon er det, men slett ikkje alle. Disse husa er ofte reine festningar som ingen andre enn dei som er vant med å gå dit tør nærme seg. Husa må opnast, gjerast tilgjengelige, og då ikkje berre i fysisk forstand, men sosialt og kulturelt også. Ungdommen, songen og dansen må sleppe til. Gjennom Agora må vi sørgje for å finne folk i desse husa sine lokalsamfunn som vil bruke dei til det de skal vere: aktive, attraktive rusfrie møteplassar.

Lokallag støtter opp

Agora-prosjektet vekker også gjenklang ute i organisasjonen, fortel Harald. Både Horda distrikt av DNT og Molde avholdslag har gjeve tilskot til prosjektet. – – Dette er eit fint eksempel på korleis vi saman kan bruke sentrale og lokale ressursar for å utvikle noe nytt, seier han.
 

 

 

John Asle Torrissen og Torhild Rogne Emdal er prosjektmedarbeidarar, med i styringsgruppa er også Rolf Myhre Gregersen, Harald Dyrkorn og Arne Lindelien.

 

No Comments Yet

Leave a Reply

Your email address will not be published.

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>